– Og vatningsanlegg må ein ha, om ein skal dyrke jordbær, seier kollega Jan Ole Fuglem – og myser mot sola.

Det er aldri kjedeleg å vere jordbærdyrkar. Er det ikkje frost, så er det endelause regnbyger – svolten hjort, eller sol og tørke, som no.

– Når ein driv dyrking utandørs så er ein prisgitt dei ulike variasjonane i vêret. Og det blir i grunnen aldri perfekt, forklarer Fuglem.

Svært tørt

I tillegg til å vere storprodusent av jordbær er han også styreleiar i Valldal Grønt, eit produsenteigd selskap som tek imot jordbæra som blir dyrka i Valldal.

Og no er det altså svært tørt i åkrane. Så bøndene må drive ei omfattande vatning.

– Det hadde gjort seg med litt regn no. Og det blir det vel denne sommaren også, seier Fuglem.

Håkon Myklebust, ein annan stor jordbærdyrkar, fortel at det blir ekstra mykje arbeid når plantene må vatnast, i tillegg til at han sprøyter – og set ut nye planter. Alt på ein gong.

Fem veker

Det varme vêret er iallfall godt nytt for dei av oss som ventar på raud Valldal-bær:

– Bæra kjem til å bli tidleg moden i år, ser det ut til. Eg reknar med at vi kan starte plukkinga om fem veker, kanskje før, til og med, seier Myklebust.

Han trur dette blir ein av dei betre sesongane på lenge, men så har dei også nokre særs dårlege sesongar friskt i minne, særleg den vinteren då berrfrosten tok knekken på dei fleste plantene.

– I år har eg ikkje hatt vinterskadar, så dette ser bra ut, legg Myklebust til.

Kor mykje bær det kan vere snakk om i år, veit ingen så langt. Det kan dei først svare på når årets sesong skal summerast opp til hausten.

Men styreleiaren i Valldal Grønt veit kor mykje det vart i fjor:

400 tonn i fjor

– Då tok vi imot ca. 400 tonn med jordbær. Ein god del går til konsum, men mesteparten var det industrien som fekk. Og dei vil ha meir bær, meir enn vi klarer å leverer. Det er forresten bra, det – at vi har ein marknad som berre ventar på å få kjøpe det vi produserer, legg Fuglem til.

Han håper det blir meir enn 400 tonn i år. Og det kan tyde på at han får ønsket sitt oppfylt.

– Kva er eit godt jordbærår, meiner du?

– Då snakkar vi om nærare 600 tonn jordbær, svarer Jan Ole Fuglem.