Torsdag vart ein utenlandsk borgar i 30-åra frakta til legevakt for sjekk etter ei arbeidsulykke ved eit verft.

Ulykka skal ha skjedd medan personen jobba med ein vinkelslipar. Ein annan tilsett tok med seg den skadde til lege, som valde å sende arbeidaren vidare til Ålesund sjukehus for fleire undersøkingar.

Personen, som var innleigd frå eit firma til å arbeide på verftet, skal ha fått skader i ansiktet.

Arbeidstilsynet er varsla om hendinga.

Skadeomfanget er førebels ikkje kjend. Politiet vil følgje opp saka.