Utstillinga vert opna fredag 1. juni. Anne-Marte Før frå Valdres held utandørs fotoutstilling og vonar ho kan makte å utfordre når det gjeld stereotype oppfatningar av det å vere ein nynorskbrukar.

Feil bås

– Som nynorskbrukar har eg sjølv vorte plassert i feil bås ei rekkje gonger, fortel fotografen. Gjennom ein videoinstallasjon er same tema teke vidare, mellom anna ved intervju med framståande nynorskbrukarar og kjennarar. Linda Eide er mellom desse.

Språk og identitet

Temautstillinga vil også ta føre seg språk og identitet litt meir allment, der også det internasjonale perspektivet er med.

Norge har mellom anna ein dialektfridom i særklasse.