Truga med å stikke sprøyte i halsen på lege

Ein ørsting gav motstand då politiet ville ha ei utvida blodprøve frå mannen. Ifølgje tiltalen truga mannen med å stikke sprøyta i halsen på legen.

TILTALT: Ein ørsting i 20-åra må møte i Søre Sunnmøre tingrett grunna ei rekkje lovbrot. Mannen skal mellom anna ha truga ein lege på Volda sjukehus.   Foto: JOACHIM ÅSEBØ

Nyheter

morenytt.no I juli i fjor vart mannen arrestert av politiet og teken med til Volda sjukehus. Ifølgje tiltalen som statsadvokatane i Møre og Romsdal har teke ut motsette mannen seg då det skulle takast utvida blodprøve. Mannen skal ha dytta og sparka beina under ein politibetjent, samtidig som han delvis heldt armen rundt halsen på betjenten. Mannen truga legen med at han skulle stikke sprøyta i halsen på han.