Det skriv Nett.no.

Saka skal opp på generalforsamling i selskapet fredag. Ulstein-familien, gjennom selskapet Ulsmo har forplikta seg til å stille med 150 millionar kroner. Det er ei forutsetning for at Innovasjon Norge og DNB bidreg med nye lån på inntil 150 millionar kroner.

Ulstein Group har dei siste tre åra hatt tap på ein milliard kroner. Det er bakgrunnen for at dei no må hente inn meir pengar.

Konsernet har fått fleire nye kontraktar den siste tida noko som gjer at likviditeten må styrkast. Det gjer at styret har bede om at det vert henta  inn 300 millionar friske kroner.