– Det merkast på salet med ein gong det blir fint vêr. Og så dabbar det kraftig av når det tek til å regne. Vi er enkle sånn, og ikkje særleg gode til å planleggje, ler Geir Kvalvåg.

Han er produktsjef hos møbelprodusenten Formfin i Hundeidvik.

I fjor køyrde dei ut ein prøvekolleksjon med utemøblar til ti utvalde Hageland-butikkar.

Responsen var så oppløftande at i år er møblane å finne i heile 30 Hageland-butikkar, frå Hammerfest i nord til Fredrikstad i sør.

– Kolleksjonen heiter Villa, og er designa her på fabrikken av våre eige folk, seier Kvalvåg.

Bedrifta sine hovudprodukt er framleis sofaer til innebruk, i tillegg til stolar. Dei er å finne i Bohus-kjeda sine butikkar.

Men no i solskinet er det altså utemøblar folk helst vi sjå nærare på.

– Det vi tilbyr er vedlikehaldsfrie møblar, med fokus på kvalitet og tidlaust design. Beina på sofaen kan leverast i to ulike høgder, slik at han også kan tilpassast spiseborda vi leverer

Kortreist

Formfin i Hundeidvik har underleverandørane sine i nærleiken. Sykkylven Stål leverer aluminiumet, det blir deretter bearbeidd hos Straumsheim Glass og Fasade i Straumgjerde, medan Westnofa på Åndalsnes leverer kaldskum-putene.

– Møblane er utstyrte med ein tett membran, så vatnet ikkje skal trekke igjennom. Så møblane er tilpassa det klimaet vi har her.

– Eller det klimaet vi hadde før?

– Ja, dei er tilpassa både vått og tørt vêr, svarer Kvalvåg.

I tillegg til utemøblar så er dei om lag 60 tilsette også i sving med å lage innemøblar.

Ny møbelkjede

Ei tid var Hundeidvik-bedrifta sine produkt også å finne hos Møbelringen. No er dei altså berre hos Bohus – og på Hageland.

– Men vi er no i sluttfasen med å signere avtale med ein ny, større møbelkjede, seier Geir Kvalvåg.

Geir Kvalvåg er produktsjef hos Formfin. Foto: TERJE ENGÅS