Formfin i Hundeidvik var heldige med vêret

Utemøblar i heit marknad

I år skulle Formfin AS i Hundeidvik verkeleg satse på utemøblar. Dei kunne ikkje ha vore heldigare med vêret.

IDYLL: Kolleksjonen Villa, Formfin sine utemøblar, fotografert i naturskjønne omgjevnader ved innløpet til Hjørundfjorden – der fabrikken sjølv held til.   Foto: MAGNE OVE VARSI / FORMFIN

Nyheter

– Det merkast på salet med ein gong det blir fint vêr. Og så dabbar det kraftig av når det tek til å regne. Vi er enkle sånn, og ikkje særleg gode til å planleggje, ler Geir Kvalvåg.