Endringane kom i stand frå 1. juni, melder Helse Møre og Romsdal på sine heimesider. Omlegginga har vore omtalt tidlegare, og har vore i planane sidan hausten 2017. Endringane er i praksis er at telefonsamtalar i tidsrommet 23-07 vert svara på frå Trondheim. Omlegginga gjer at servicetorget ved Ålesund sjukehus kan utvide opningstida si frå 22 til 23, heiter det på heimesidene til helseføretaket.

Om natta er det felles sentralbord for sjukehusa i Ålesund og i Volda. Eit mål er å samle alle fire sjukehusa i fylket i eit felles telefonnummer, men i dag er det ikkje mogleg reint teknisk, heiter det.