Fylkespolitikar Frank Sve (Frp) er overraska over at det lågaste anbodet på Nordøyvegen er 800 millionar kroner over det fylkeskommunen har løyvd.

Høgt tal

- Men på ei anna side er eg ikkje så veldig overraska heller, for det er jo lagt fram rapportar som viser at dei fleste store samferdselsprosjekt har ein tendens til å bli rundt 40 prosent dyrare enn berekna. Og eg trur at det nok kjem til å kome slike overraskingar både på Lerstadvegen og andre store prosjekt, seier Sve.

Men han vedgår at 800 millionar kroner er eit svært høgt tal.

- Men det er berekningar frå dei fremste ekspertane i Statens vegvesen som er grunnlaget, og det er dei som må svare på kvifor dei har bomma så totalt.

Overraskande

Sve synest også anbodet er overraskande når ein ser på konkurransesituasjonen for entreprenørane i Midt-Norge.

- Det er mangel på oppdrag, og det trudde vi vel ville gi seg utslag på anboda også.

- Fryktar du at heile prosjektet kan bli stoppa?

- Nei, no må vi ta eit lite kvileskjer og kontrollrekne tala. Så må vi sjå på kva konsekvensane blir dersom Nordøyvegen blir så mykje dyrare. Men det blir ikkje inngått kontraktar utan at finansieringa er på plass.

- Så det kan bety at heile prosjektet blir reversert?

- Alt kan reverserast, men dette må administrasjonen svare på.

- Men det er fylkestinget som har det siste ordet?

- Det er det.

Trudde det skulle ligge under

Ordførar Vebjørn Krogsæter seier at dette slett ikkje er nokon god nyheit for Haram.

- Eg hadde eit håp om å få eit anbod som låg under dei 3,9 milliardane som fylket har løyvd. Då kunne vi hatt pengar til overs for å oppgradere vegar i tilknytning til prosjektet.

Krogsæter håper som Sve at kontrollrekningar skal gjere bildet litt lysare.

- Men det har vore god konkurranse om prosjektet, og eg trur nok at prisane er relle, seier Haramordføraren.

- Kan dette stoppe Nordøyvegen?

- Nei, dette er det ikkje mulig å stoppe no.

Krogsæter seier at drifta av ferjene har blitt ei stor utfordring for fylkeskommunen.

- Ferjeavløysingsmidlar skal vere med på å finansiere Nordøyvegen, og eg trur vi må sjå dette meir i samanheng.