Skal fisken ut på auksjon, eller skal den seljast i lukka sals- kanalar?

Alle var einige om at auksjon er den rette måten å setje marknadsprisen. Kvifor er det då slik at halvparten av fisken likevel blir selt i direkte avtale mellom fiskar og kjøpar? Forskar Geir Sogn-Grundvåg i Nofima forstår det ikkje heilt.

Deretter tok Surofi initiativ til grundige samtalar med både fiskarar og kjøparar. Dette kan ha gitt resultat. I alle fall har andelen sei på auksjon i Surofi auka frå 50 prosent til 60 prosent i vinter, seier Sveinung Flem i Surofi.

– Men det er ingen automatikk i at dette blir ei varig endring, legg han til. For torsk er det enno for tidleg å seie noko.

Surofi vil derfor halde fram med samtalar og dialog med både seljarane og kjøparane resten av dette året. Målet skal vere ei varig løysing før jul.

– Tvang må til

Lukka kanalar er ikkje hensikta med fiskesalslagslova, seier Inger-Marie Sperre.

– Eg syns forskaren var veldig god då han sa at vi kjem ingen veg med at dette skal vere frivillig, seier ho.

– Alle er einig, men ingen vil gjere noko. Då må reglane justerast, sa forskar Geir Sogn-Grundvåg til forsamlinga - og innrømmer at dette ikkje var populært.

Mykje fisk blir lagt ut på auksjon utan å bli selt. For å få fart på salet, bør dei for det første setje startprisen litt lågare enn det som prisen var sist veke.

– Og dersom ikkje dette hjelper, må tvang vurderast, ved at kvar reiar må legge ein viss andel ut på auksjon.