Den store hovudkontrakten for Nordøyvegen var berekna å kome på 1,8-2,2 milliardar kroner pluss moms. Skanska, som ser ut til å ha vunne anbodskonkurransen, skal ha 3,0 milliardar kroner for jobben. Det er 800 millionar kroner meir enn berekninga frå Statens vegvesen.

Med moms er vi på 3,75 milliardar. Så kjem elektroinstallasjonane. Dette er ikkje utlyst enno, men prosjektleiar Marianna Nærø anslår prisen til rundt 200 millionar kroner. Skjeringane som allereie er laga kom på 60 millionar. I tillegg har det kosta å prosjektere Nordøyvegen, inkludert store arkeologiske utgravingar. Og i alle prosjekt bør det vere ein reserve for uventa hendingar.

Då har vi med god margin passert summen som fylket har løyvd til Nordøyvegen, som er tett under 3,9 milliardar kroner.

Sandøy kommune og Haram kommune sett av pengar til prosjektet, dette er inkludert i summen på 3,9 mrd.

Skal opp i fylkestinget i september

Kan det tenkast at Nordøyvegen no blir avlyst?

– Det er opp til fylkespolitikarane å bestemme. Men det er dette som er marknadsprisen no, seier Nærø.

Skilnaden mellom høgste og lågaste tilbod er 250 millionar kroner, mindre enn 10 prosent.

– Det viser at marknaden har vurdert dette likt. Det viser igjen at oppdraget har vore tydeleg, og at entreprenørane har forstått det på same måten, meiner Nærø.

Skanska ga eit av dei dyraste tilboda men svarte også på oppdraget på den beste måten. Vegvesenet meiner at deira måte å gjennomføre det på vil gje ein stor meirverdi, berekna til 515 millionar kroner.

– Dei har svart veldig godt på det vi måler meirverdien etter, dei har levert eit gjennomarbeidd og godt anbod, seier Nærø.

Blant dei andre som leverte tilbod finn vi Ørsta-firmaet K A Aurstad. Dei var dyrast, og skulle ha 3,05 milliardar kroner. Implenia skulle ha 2,9 mrd. Lågast pris ga PNC Norge, på 2,79 mrd., men vurderinga hos Vegvesenet er at deira anbod gir liten meirverdi til prosjektet.

Det som skjer no er at Vegvesenet skal kontrollrekne tilboda. Det kan tenkast at det dermed blir ein annan entreprenør som vinn, sidan dei vekta konkurransesummane ligg relativt tett. Skilnaden ned til neste på lista, PNC Norge, er på berre 83 millionar kroner. Skulle dette bli vinnaren, skal dei altså ha 2,79 milliardar kroner for jobben.

Første veka i september skal saka opp i fylkestinget. Planen har heile tida vore at før fylkestinget eventuelt gir klarsignal, blir det ikkje skrive kontrakt.