Nordøyvegen blir 800 millionar dyrare

Det vart ei trykka stemning då tala kom på bordet, eller på skjermen.

DYRT: Prosjektleiar Marianne Nærø tar her ordet etter at dei svimlande summane har kome på bordet. I dette store prosjektet har Vegvesenet nytta eit tokonvolutt-system. Fredag opna dei konvolutt nummer to, som viser kor mykje dei ulike entreprenørane skal ha for jobben.  Foto: Per Ove Stige

Nyheter

Den store hovudkontrakten for Nordøyvegen var berekna å kome på 1,8-2,2 milliardar kroner pluss moms. Skanska, som ser ut til å ha vunne anbodskonkurransen, skal ha 3,0 milliardar kroner for jobben. Det er 800 millionar kroner meir enn berekninga frå Statens vegvesen.

Med moms er vi på 3,75 milliardar. Så kjem elektroinstallasjonane. Dette er ikkje utlyst enno, men prosjektleiar Marianna Nærø anslår prisen til rundt 200 millionar kroner. Skjeringane som allereie er laga kom på 60 millionar. I tillegg har det kosta å prosjektere Nordøyvegen, inkludert store arkeologiske utgravingar. Og i alle prosjekt bør det vere ein reserve for uventa hendingar.

Då har vi med god margin passert summen som fylket har løyvd til Nordøyvegen, som er tett under 3,9 milliardar kroner.

Sandøy kommune og Haram kommune sett av pengar til prosjektet, dette er inkludert i summen på 3,9 mrd.

Skal opp i fylkestinget i september

Kan det tenkast at Nordøyvegen no blir avlyst?

– Det er opp til fylkespolitikarane å bestemme. Men det er dette som er marknadsprisen no, seier Nærø.

Skilnaden mellom høgste og lågaste tilbod er 250 millionar kroner, mindre enn 10 prosent.

– Det viser at marknaden har vurdert dette likt. Det viser igjen at oppdraget har vore tydeleg, og at entreprenørane har forstått det på same måten, meiner Nærø.

Skanska ga eit av dei dyraste tilboda men svarte også på oppdraget på den beste måten. Prosjektorganisasjonen meiner at deira måte å gjennomføre det på vil gje ein stor meirverdi, berekna til 500 millionar kroner.

– Dei har svart veldig godt på det vi måler meirverdien etter, dei har levert eit gjennomarbeida og godt anbod, seier Nærø.

Dei andre som leverte tilbod var K A Aurstad. Dei var dyrast, og skulle ha 3,05 milliardar kroner. Lågast pris ga PNC Norge, på 2,79 mrd., men vurderinga i Vegvesenet er at deira anbod gir liten meirverdi til prosjektet. Implenia skulle ha 2,9 milliardar kroner.

Det som skjer no er at Vegvesenet skal kontrollrekne tilboda. Det kan tenkast at det dermed blir ein annan entreprenør som vinn, sidan tilboda ligg relativt tett.

Første veka i september skal saka opp i fylkestinget. Planen har heile tida vore at før fylkestinget eventuelt gir klarsignal, blir det ikkje skrive kontrakt.