Støbakk trur at det må kallast inn til eit ekstraordinært fylkesting for å diskutere situasjonen som har oppstått.

- Alle inntektsmuligheiter er utnytta. Då spørs det om vi må redusere kostnadane på Nordøyvegen eller låne meir pengar. Det siste er mildt sagt inga god løysing, meiner Støbakk.

- Kan heile Nordøyvegen ryke?

- Det kan  vere eit scenario, men no må vente å sjå kva kontrollrekninga viser. Men det er sjølvsagt ingen som trur at vi skal greie å få ned heile summen på 800 millionar kroner, seier Knut Støbakk.

Han er også uroleg for at  dette betyr at andre vegprosjekt og vidaregåande skular får lide for kostnadssprekken på Nordøyvegen.

- Ikkje for einkvar pris

- Vi unner øyane fastlandssamband, men ikke for einkvar pris.

- Det seier SVs Yvonne Wold som stemte imot Nordøyvegen i fylkestinget.

- Det gjorde eg fordi fylkesrådmannen på det sterkaste advarte mot prosjektet, og fordi vi måtte bere risikoen på inntil ein millard kroner. No er eg redd for at dei første 800 millionane kan få katastrofale følger for dei vidaregåande skulane, kultur, tannhelse og andre viktige samferdselsprosjekt. Eg er rasande på vegne av inbyggarane i fylket som vert ramma ev ein slik kostnadssprekk.  Fleire politikarar har vore ute og sagt at prosjektet kom til å bli billigare enn planlagt. No bør dei snarast på banen og gi oss svar på kor dei skal ta pengane frå, seier Yvonne Wold.

Ho seier også at  det var unge fylkestingsrepresentantar som var uroa over at dei kom til å bli sittande med rekninga.

- Men dei vart ikkje høyrd, og endte opp med å stemme for Nordøyvegen. No håper eg at nokre innser galskapen.