Oppdatering: Køyretøya er fjerna. Det har vore trafikkdirigering etter ulykka, men ein reknar med å opne vegen heilt om kort tid, melder politiet rett før klokka 16.

Avisa Fjordingen skriv at motorsyklisten er frakta i ambulanse til Førde, og vidare at ingen av bilførarane er skadde.

Det har vore ei trafikkulykke på fylkesveg 15 ved Langset i Stryn laurdag ettermiddag.

Ein motorsykkel og to personbilar er involvert, og alle naudetatar vart sendt til staden.

Rett før klokka 15 heitte det frå Vest politidistrikt at tvegen var delvis stengt og at det var dirigering av trafikken.

Førar av motorsykkelen vart vidare meldt å vere vaken og bevisst.

I ei oppdatering ein halv time seinare opplyser politiet at føraren av motorsykkelen blir sett til av ambulansepersonell, og opplyser å ha smerter i kroppen, men utover dette er skadegraden framleis ikkje kjent.

Bilberging skal no vere på staden.

Ein politipatrulje kom over ulykka klokka 14.19.