Ulukka vart meldt litt over klokka 14.30. Ein buss og ein åtte-seters personbil kolliderte mellom Loen og Stryn. Sea King redningsheliopter frå Florø og luftambulanse frå Ålesund og frå Førde rykka ut til ulykkesstaden.

Politiet opplyste først at tre personar vart kritisk skadd, og at desse var i minibussen. Helse Førde melder seinare at til saman fem personar er kritisk skadd.

Helse Bergen opplyste søndag kveld at tilstanden var kritisk for ei kvinne i 70-åra, medan ein 71 år gammal mann er lettare skadd. Ein 74 år gammal mann er alvorleg skadd.

Helse Førde meldte i går kveld at dei har to personar som framleis var kritisk skadd, men stabile og innlagt intensivavdeling. I Førde var i alt sju personar lettare skadd og til poliklinisk undersøking.

– Køyretøya kolliderte front mot front. Undersøkingar tyder på at det er minibussen som har kome over i motsett køyrefelt, seier operasjonsleiar Stein Rune Halleraker i Vest politidistrikt til NTB.

Vest politidistrikt melde først at fleire personar var klemd fast i køyretøya, men klokka 15.20 melde dei ingen var fast i køyretøya.

Vegen var stengd fram til klokka 17.20 då eitt køyrefelt vart opna. Litt før klokka 18.30 melde Vegvesenet at fylkesvegen er open for fri ferdsel.

Utanlandske statsborgarar

Bussen køyrde frå Stryn i retning Loen, med 33 passasjerar i tillegg til sjåføren. Passasjerane er frå Korea.

I minibussen var det fem passasjerar i tillegg til sjåfør. Ifølgje Vest politidistrikt er desse frå Belgia. Minibussen kom køyrande frå Loen.

Dei som er lettare skadd skal vere henta av buss og frakta til legevakt i Stryn.

Kommunen er varsla, og det blir vurdert å opprette krisehjelp.

Ulykka skjedde på fylkesveg 60 på Staveneset.

Ulukke ved Stavenestunnelen på fv 60, der ein buss og ein 8-seters personbil har hatt ein kraftig kollisjon. Fem er kritisk skadd, opplyser Helse Førde. Foto: Odd Sindre Tonning