– «Kjellen» blir å sjå og høyre på båten. Han skal til dømes i aksjon her i neste veke, seier Thomas Ryste.

Men allereie søndag fekk vi ein smakebit på veg ut frå Ålesund.

– Vi ser for oss at båten til dømes skal ta med folk på firmaturar, og turistar. Eller ulike selskap, skyt kaptein Svein Peder Vågnes inn.

Han er også medeigar, og fortel at det allereie er nokon som har bestilt båten til bryllaupsfeiring no i juni.

I vinter lanserte Thomas Ryste planane for ein show- og cruisebåt som skal sigle i fjordane på Sunnmøre.

– Desse planane er slett ikkje lagt på is. Vi arbeider vidare, og det blir ein båt spesielt tilpassa for formålet – med stor scene.

Han håper å få på plass alle brikker i år, eller tidleg neste år, slik at bygginga kan starte.

– Men etter at eg hadde lansert desse planane var responsen så god, at vi fann ut at vi måtte kome i gang med noko allereie i år, seier Ryste.

Seks investorar

Bak «Bruvik» står seks investorar. I tillegg til Ryste og Vågnes finn vi også Roger Halsebakk, Torstein Holsvik, Frode Håkon Kjølås og Kåre Molvær på denne eigarlista.

Går det bra med drifta av «Bruvik» blir dei kanskje med vidare og blir investorar også i det nye skipet som Thomas Ryste planlegg. Ryste håpar iallfall at dei seier ja.

– Det er slett ikkje umogleg, det, svarer Roger Halsebakk.

Skipsregisteret fortel at «Bruvik» vart bygd ved Glommens Mek. Verksted og levert til Indre Nordhordlands Dampbaatlag 15. juli 1949.

Skipet gjekk i fjordafart i Nordhordland i 30 år, til det vart seld til Finland i 1979. Men i 1994 vart «Bruvik» kjøpt tilbake til Hordaland.

I mai i år var båten på plass på Sunnmøre, med base i Langevåg. Kjøpesummen er det ingen som vil snakke om, der vi siglar av garde mot Vegsund.

– Du kjem nok til å sjå båten ofte i Hjørundfjorden og Ellingsøyfjorden, og fleire fjordar til, seier kaptein Vågnes.

Då «Bruvik» vart døypt i 1949 vart skipet raskt omtalt som ein sjøbuss på grunn av sine salongar, og ein sekssylindra dieselmotor på 810 hestekrefter med ei toppfart på 16 knop. «Bruvik» var sertifisert for 280 passasjerar i lokalfart. No er maks tal 153.

Ivar Medaas

Båten har også fått sin eigen hylningssong i «Kjære Bruvik», som Ivar Medaas framførte.

Søndag gjekk «Bruvik» på ein visningstur til Hjørundfjorden, med inviterte gjestar om bord. I tillegg til mat vart det mellom anna servert underhalding av Ørjan Liavåg.

– Dette er eit artig konsept. Eg har høyrd om planane til Thomas ei tid, og eg trur det er ein marknad for dette – både når det gjeld turisme og for bedrifter som vil finne på noko nytt når dei skal invitere med seg nokon. Frå båten kan dei få oppleve både fjord og fjell.

– Skal du underhalde meir om bord?

– Ja, eg reknar med at eg blir spurd om å bli med på ein og annan tur i tida framover, svarer Liavåg.

Investorane meiner at «Bruvik» i dag framstår som den best bevarte fjordabåten i landet, og at den er kjend for både god fart, lite støy – og høg komfort.

Og enda finare skal båten bli, når det snart kjem nye møblar i den øvre salongen.

I FART: MS «Bruvik» på veg gjennom Vegsundet søndag, med kurs for Hjørundfjorden. Foto: Marius Simensen
KLAR: Kaptein Svein Peder Vågnes kastar loss. Foto: Marius Simensen
HUMOR: Desse to er mellom dei som skal sørge for latter om bord: Frå venstre Thomas «Kjellen» Ryste og Ørjan Liavåg. Foto: Marius Simensen