Laurdag kunne ungdomane Lars Otterlei og David Ravnestad klippe snora til det dugnadsbygde verkstadparadiset ved Rogne på Flemsøy/Skuløy.

I tunet stod stasbilar i fleng pent på rekkje. Det kom ekvipasjar frå venene i Storfjordens Automobilklubb også. Pluss ein heil haug andre skodelystne. Reine festdagen, nett slik dei venteleg drøymde om.

Den offisielle opninga markerer at anlegget no er ferdig.

Vel. Nesten. Dei skal ha opp ei lakkboks også, må vite. Men alt det andre er på plass.

– Nesten litt uverkeleg at vi no endeleg er i mål. Drivkrafta har heile tida vore å få eit felles lokale for alle som likar å mekke. Ein stad å vere. Det må vi kunne seie vi har fått til, helsa leiar Trond Ravnestad i talen.

Fem-seks karar kom i prat om plassmangelen. Slik kom klubben i gang. Etter nokre år i ein strutsefjøs, skaut sakene fart med innkjøpt hall frå Mandal, private låneopptak, kommunal stønad og raus sponsing frå næringsliv og lokalmiljø.

Karane gjekk friskt ut og rekna med å vere ferdige i 2008.

– På denne tida har mange gifta seg, stifta familie, bygd eller pussa opp hus. Det mest imponerande er at ingen har gått lei, peika leiaren på.

Han passa vel på å takke alle dei kjekke damene.

– Dei kunne fort sett ein stoppar, minner Ravnestad om.

– Tida gjekk eigentleg fort. Vi kan ikkje gje oss no, ved denne milepælen. Dette er berre starten. No har vi verkeleg ei god kjensle, seier Harald Otterlei og Øystein Bergheim.

– No får vi jo bruke anlegget slik planen var. Byrje skru, leige ut plassar. Kose oss i kantina.

Otterlei sin bestefar køyrde Austin A55. I dag er Otterlei meir britisk enn mange britar. Det går i Rover, seint og tidleg: SD-1, 800, 214 kabriolet og eit par Rover 75 til kvardags.

Bergheim har framleis hand om sin første bil, ein 1972 Volvo 144.

– Den kjøpte eg av naboen som 18-åring. Ligg nedplukka no. Rusten er utfordringa. Men denne bilen er heilt original, og slik skal eg halde den. Dette vert min «mann med hatt-bil», seier 1979-modellen Øystein.

– Viktig: Den har kromgrill. Ikkje plastikk, legg han til.

Seaside Custom er i fin vekst, og har plass til absolutt alle med interesse for slikt som bråkar, smell og ryk, seier karane.