Gjelda som fylket har i dag er ikkje avskrekkande, rundt 90 prosent av driftsinntektene. Men i 2022 er gjelda blitt heile 148 prosent – om ikkje fylkespolitikarane kuttar eller utset prosjekt.

Og dette vart berekna før dei nye tala for Nordøyvegen kom. Fylkets låneopptak til Nordøyvegen har vore berekna til 2,33 milliardar kroner.

– No må vi legge på ein milliard kroner, trur samferdselssjef Arild Fuglseth. Det blir rundt 3,3 milliardar.

Men kva er alternativet dersom Nordøyvegen blir stoppa, og hola som er sprengt på Haramsøya, Flemsøya og Harøya blir fylt igjen?

– Framleis sjølvfinansierande?

Frank Sve er leiar i Plannemnd for samferdselsutbygging. Det er denne nemnda, beståande av Sve (Frp), Kristin Sørheim (Sp) og Iver Nordseth (V), som er styringsgruppe for Nordøyvegen ut over sommaren.

Nordøyvegen kan framleis vere sjølvfinansierande, meiner Sve. Og dette er reknestykket som han håper skal gje eit positivt svar:

– Kva er eit reelt nullalternativ om du ikkje bygger Nordøyvegen? Det må fylkesrådmannen kunne stipulere, seier Sve.

– Kva vil ferjene ut til Nordøyane koste i framtida? I dag er underskotet stort på ferjene som kan få fastlandssamband, altså Skjelten-Lepsøya-Haramsøya og Brattvåg-Fjørtofta- Harøya. Fylke og stat betaler 85 millionar kroner i året for desse sambanda, i reine utgifter, seier Sve.

Prisauke på 15 prosent

Sunnmørsposten tar spørsmålet med til samferdselsavdelinga i fylket.

– Erfaringane, ut frå dei bestillingane som politikarane har gitt oss, er at prisauken i snitt har vore 15 prosent. Men prisauken har variert mykje frå samband til samband, seier samferdselssjef Arild Fuglseth.

– Dersom vi så overfører denne gjennomsnittssummen til ferjesambanda ut til Nordøyane, kva får vi då?

Omsetninga her er i dag på rundt 100 millionar kroner, opplyser Fuglseth. Plussar vi på 15 prosent, blir det 15 millionar kroner opp.

– Det er ikkje gjort vedtak på kva eit slikt ferjeanbod skal innehalde, så det er vanskeleg å prissette noko slikt, understrekar Fuglseth og tar alle atterhald.

Løner seg om 30-40 år?

Dersom Nordøyvegen blir bygt, betaler staten ferjeavløysingsmidlar i 40 år. Dersom Nordøyvegen ikkje blir bygt, kan underskotet på ferjedrifta i same periode bli 100 millionar kroner i 40 år. Det blir fire milliardar kroner.

Det er godt over låneopptaket på 3,3 milliardar som fylket må ta opp for Nordøyvegen.

Må tore å seie nei

– Det er dette oppsettet vi må få. Bestillinga vil eg sende til samferdselssjefen i løpet av dei neste dagane, seier han.

– Den store utfordringa blir dei store utgiftene med låneopptak samtidig som vi skal drifte ferjene. Kanskje det kan velte heile greia, seier Sve og held fram:

– Eg har ikkje konkludert om det blir dyrare eller billegare med å bygge Nordøyvegen. Vi må tore å seie ja, men vi må også tore å seie nei om dét viser seg å vere rett. Vi må få fram all info først.

Frank Sve (Frp) er leiar i plannemnd for samferdselsutbygging. Foto: Geir H. Strand
Arild Fuglseth er samferdselssjef i fylket. Foto: Staale Wattø