– Namnet er ikkje henta frå eit eksisterande stadnamn i den framtidige kommunen, slik det er tradisjon for at namn gjer. Sjølv om Fjord for så vidt speglar landskapet på staden, ber det meir preg av å vere eit marknadsføringsnamn, seier Helleland til Språknytt.

– Dersom det ikkje byr seg eit høveleg nytt namn, ville det vere betre å føre vidare begge dei eksisterande namna, legg han til.

Ordførar Arne Sandnes i Norddal synest derimot dei har kome fram til eit godt namna.

– Det plasserer oss på kartet, der vi ligg ved ein fjord. Slik sett er det også marknadsføring. Så vi er tilfreds med Fjord.