Oppdatering: - Redningsskøyta har tatt sjarken på slep, heiter det frå Redningsselskapet klokka 10.

Redningsselskapet melder at ein fiskebåt har motorproblem cirka 30 nautiske mil vest for Fosnavåg.

- Redningsskøyta «Idar Ulstein» har gått ut for å hjelpe, heiter det klokka 09.

- Det er ein 11 meter lang båt, dette. Vi er undervegs, men har ikkje kome fram, får smp.no opplyst hos redningsskøyta.

Planen er å slepe båten til Sandsøy, blir det lagt til.