Ein næringsdrivande frå Volda har tilstått manglande rekneskapsføring i firmaet i fem år.

Søre Sunnmøre tingrett peikar på at manglande rekneskapsføring i næringslivet er eit alvorleg straffbart forhold.

Retten har dømt mannen i 50-åra til fengsel i 21 dagar. Sidan saka blei liggande i over eitt år hos politiet, utan teikn til kommunikasjon med kemneren som melde forholdet, slepp mannen å sone i fengsel. Retten har dømt mannen til fengsel på vilkår, med to år prøvetid. Den lange liggetida er eit brot på mannen sine rettar i forhold til EMK – Den europeiske menneskerettskonvensjonen.

Mannen må også betale ei bot på 20.000 kroner. Dette knyter seg til at han heller ikkje betalte forskottstrekk på løn til tilsette i selskapet. Samla skulle han ha trekt 460.000 kroner.