1. mars vann Jon Olav Sandal «Årets Urørt» på P3, han kallar seg Jon Olav når han er songar og musikar.

– Vi treng ein modig artist som Jon Olav, sa Sondre Justad, medlem av juryen som stemte fram den unge ørstingen.

– Eg synest han er ein formidabel vokalist, la P3-musikksjef Mats Borch Bugge til.

– Kåringa førte straks til at det kom fleire spelejobbar. Samtidig legg det jo eit viss press på meg.

I går kveld spelte han med bandet sitt på Rokken i Volda, i regi av Dei Nynorske Festspela. I dag står ein spelejobb i Stryn for tur.

– Korleis er det med deg og nynorsk?

– Eg syng på dialekt og skriv alle tekstane mine på nynorsk. Det er heilt naturleg for meg. Eg kjem jo frå Barstadvik. Nynorsk er ein del av identiteten min, slår han fast.

Etter å ha studert ved konservatoriet i Kristiansand i tre år og fått ein bachelorgrad, flytta han i fjor haust til Oslo.

Der tok han til med studiar i psykologi. Men frå nyttår av har det vore musikk på heiltid.

– Eg fekk rett og slett ikkje tid nok til å studere.

For å overleve økonomisk har han også ein deltidsjobb ved kundeserviceavdelinga til ei hotellkjede.

«Hei Erna!»

Jon Olav var landskjend allereie før Urørt-sigeren i vinter. I fjor haust kom han nemleg med låten «Hei Erna!», der han syng at vi øydelegg jordkloden.

– Har du møtt Erna Solberg?

– Nei. Eg har sett henne, men vi har aldri snakka saman. Ho ser ut til å vere ei triveleg dame å snakke med. Eg oppfattar ho som kulturinteressert.

– Eg er oppteken av miljøspørsmål. Det gjeld framtida vår, og det pregar tekstene mine. Eg likar å lage tekstar med meining.

– Så det er ikkje hjarte og smerte i songane dine?

– Jau, litt det også.

Musikarar

Det var medan Jon Olav var musikkstudent i Kristiansand at han fann musikarane til bandet. Det er Edvard Sundqvist, Pål Gunnar Dale, Jardar Østbø Juberg og Auver Gaarden.

– Alle saman kjem frå Distrikts-Norge, og alle prøver å leve av musikken. Så dei er med på mykje.

– Neste helg skal vi først spele i Horten, så i Haugesund. Så det blir ein lang biltur.

– Seinare i sommar skal vi spele i Trondheim, og på Slottsfjell-festivalen i Tønsberg, som blir den største festivalen vi deltek på. I samband med Sommerfesten på Giske, skal vi spele på etterfesten i Ålesund. Festivalen på Giske står særs høgt i kurs hos meg.

– Viss du sjølv er tilhøyrar. Kva likar du å høyre på?

Bjella på øyra

– Eg har stor sans for Torleif Bjella. Når eg køyrer tog gjennom Hallingdal vil eg helst ha Bjella på øyretelefonane. Då kosar eg meg.

– Kva er ditt forhold til Dei Nynorske Festspela?

– Eg har vore her nokre gonger som tilhøyrar. Så det var stas å bli spurd om å opptre.

Dessutan likar han å kome heim. Men i sommar kan det bli lite tid til å feriere i Barstadvik.

– Men ei veke eller to må det vel bli, trur han.

– Korleis var det å vekse opp i Barstadvik?

– Det var fint. Eg syntest kanskje det var lite som skjedde. Men det er kanskje ikkje uvanleg. Eg har møtt dei som har vakse opp i Asker. Dei syntest det same.