Ei strekning på 11 km frå Trollstigen-platået til Langdal i Norddal kommune er utan mobildekning. Trollstigen, som er ein del av Nasjonal turistveg, er eit område høg trafikk og besøk frå store delar av verda. Delar av strekninga er utsett for steinsprang.

Les også: Måtte køyre fire kilometer for å få ringt etter hjelp

Telenor har tidlegare sagt at dei ikkje vil betale for mobildekning på den ulukkesutsette strekninga. Nkom har på si side sagt at dei ikkje har mandat til å gje tilskott til naudnett her.

For å betre trafikktryggleiken, løyver fylkesutvalet no opptil 1,5 millionar kroner til å etablere naudnett-terminalar. Forutsetninga er at kostnadene blir fordelt på fleire aktørar, som fylkesmannen, Vegvesenet og dei aktuelle kommunane.

Ifølgje tilbod innhenta av fylkesmannen, vil investeringskostnadane utgjere rundt 800.000 kroner pluss moms. I tillegg kjem drift og vedlikehald til rundt 30.000 kroner årleg.