Hytteeigarar reagerer:

– Vi blir no tvungen til å betale for tømming av ein kvart full tank

– Vi har problem med å godta dette, seier Atle Garnes som har vakuumtoalett og ein septiktank med plass til 5.000 liter som det tek fleire år å fylle, men no må han betale for tømming kvart år.

MÅ BETALE KRONER 4.712, 50 I ÅRET: – Kva miljøomsyn er det i å tømme ein kvart full tank kvart år? spør Atle Garnes.  Foto: Roger Oldeide

Nyheter

(Fjordingen): Då Garnes fekk bygd hytta på Rosetmarka i Stryn i 2005 utstyrte han den med eit Jets Vakuumtoalett som nyttar 0,5 liter vatn pr. skyljing i staden for eit vanleg vassklosett som brukar 6 liter vatn. I tillegg skaffa han seg ein romsleg og tett tank på 5.000 liter.