Blir ny økonomi- og finanssjef

Olaf A. W. Eskeland er tilsett som banksjef økonomi og finans/CFO i SpareBank 1 Søre Sunnmøre og vert ein del av banken si toppleiing.
Nyheter

Det melder SpareBank 1 Søre Sunnmøre i ei pressemelding.

Olaf A. W. Eskeland er 34 år, utdanna master i økonomi og administrasjon med fordjuping i finans frå Norges Handelshøyskole og kjem i dag frå Frontline Management AS i Oslo.

Han har tidlegare erfaring frå Rolls-Royce Marine og Svenske Handelsbanken.

Adm. direktør i banken, Stig Brautaset, ser fram til å få Eskeland på laget og har store forventingar til at han kan ta del i å vidareutvikle banken sin posisjon som ein sølvstendig, lønsam og solid lokalbank, i ei ny og digital tid.

Eskeland tek til i stillinga i september. Han er gift med Helene Brustad Eskeland, og paret ser fram til å flytte frå Oslo til Volda og Sunnmøre. Han var tidlegare ein svært så aktivt og god volleyballspelar, og no er han blitt ein ivrig toppturentusiast, heiter det i pressemeldinga.