Klokka 01.58 natt til fredag fekk brannvesenet melding frå folk på Valderøya som observerte brann i terrenget på nordsida av Ellingsøya.

Det er ikkje veg eller bustadhus i område, og brannvesenet måtte mellom anna ta i bruk båt i sløkkearbeidet.

Rundt klokka 02.49 vart det meldt at brannen var sløkt. Brann-området, der det er ein del ulendt terreng, skal i følge politiet ligge på Gildreneset på Ellingsøya og er rundt 20 gonger 30 meter stort.

Det er ikkje klarlagt kva som er årsaka til brannen, men Møre og Romsdal politidistrikt opplyser at det er høgspentkablar i området der brannen starta og at det kan vere mulig brannårsak.