Silje Lee Knutsen (43) drog til gelato-paradiset Italia då ho skulle lære seg kunsten å lage is.

– Eg er Italia-frelst. Draumen er å kunne kjøpe seg eit lite hus i Nord-Italia, til dømes i Toscana.

Det er framleis ein draum. Men draumen om å starte opp produksjon av is på Sunnmøre er allereie blitt ein realitet.

Silje har nemleg begynt å lage is i leigde lokale i Stordal, der Vad tidlegare produserte møblar. Ho kom i gang for nokre månader sidan.

– Tilbakemeldingane på isen min har utelukkande vore positiv. Folk likar det eg lagar.

Silje Lee Knutsen vaks opp på Moa i Ålesund, men har busett seg på Sjøholt. Der har ho ein deltidsjobb som annonsekonsulent i Bygdebladet.

Resten av tida går med til å drive Storfjord Iskrem, som er namnet på firmaet.

– Eg har fått økonomisk tilskot både frå Vekst i Stordal og frå Innovasjon Norge. Utan dei hadde eg aldri klart å kome i gang, seier ho.

Geitemjølk

Favorittråvara til Silje er geitemjølk. Det er det ho brukar mest.

– Det var den første råvara eg tenkte på då eg starta planlegginga. No kjem Tine regelmessig hit med geitemjølk frå bønder i nærområdet. Eg har sansen for geitene, som hoppar og sprett, beiter høgt og lågt, og som et urter, bær og planter. Eg tenkjer at næringsinnhaldet i geitemjølk er noko anna enn i kumjølk. Geitemjølka er dessutan rikare på smak.

– Og så smiler geitene. Det gjer ikkje kua, påstår Silje.

– Kanskje du sjølv skulle ha skaffa deg nokre geiter til mjølkeproduksjon?

– Nei, det blir for mykje arbeid. Men eg vil gjerne slå eit slag for geitemjølk. Den har kome for lite fram til no.

Eksklusiv

Isen som Silje lagar er ikkje å få tak i på vanlege butikkar. I staden har ho fått til avtalar med fleire serveringsstadar og nokre spesialutsal på Sunnmøre.

Dette gjeld Stolt Mat på Sjøholt, Stranda Hotell, Geiranger Sjokolade og Posten Brasserie i Geiranger, Nilsgardstunet i Stordal, Gudbrandsjuvet Café i Valldal – og den italienske restauranten Nona Lina i Ålesund.

– Førebels har ho åtte ulike smakar på isen sin, takka vere sjokolade frå Geiranger, kaffi frå Jacu i Ålesund, Kraftkarost frå Tingvoll – og bær frå Valldal.

Og ikkje minst brunost, gudbrandsdalsost, frå Tine.

Brunost

– Turistar som kjem til Norge stussar på dette med brunost. Det er ikkje noko dei er vande med. No viser eg dei ein annan måte å utnytte brunosten på, ved å lage brunostis. Og i brunost er det også litt geitemjølk. Eg gjev rett og slett brunosten eit nytt liv med denne isen, forklarer Silje.

– Kvifor valde du Stordal til isproduksjonen din?

– Det var ledige lokale her, med moglegheit for vidare ekspansjon seinare. Det er dessutan nær Ørskog, der eg bur – og så har eg familiær tilknyting til Stordal.

Lidenskap

– Kan du leve av å vere iskremprodusent?

– Ja, det håpar eg å kunne gjere etter kvart. Is er ein lidenskap for meg, noko som eg heile tida lærer meir om. Mellom anna får eg tett oppfølging av Andrea Debellis, læraren min i Italia, som også hjelper meg med produksjonen.

Andre oppgåver for Silje Lee Knutsen framover blir å følge opp dei utvalde forhandlarane, teste ut nye smakar – og å stille opp med smaksprøver på ein del arrangement. For det er fleire som har lyst på besøk frå iskremdama i Stordal.