– Eg har aldri vore der før, og tenkte at viss det skulle bli nokon tur dit, så måtte eg kanskje gjere det no.

Det seier ein uvanleg sprek 90-åring frå Vikebygda i Volda.

85 år gamal spente han på seg treskia og gjekk til topps på 1432 meter høge Kolåstinden.

Fem år etter var det altså sjølvaste Galdhøpiggen som stod for tur.

– Det var langt og litt tungt å gå i både steinur og snø. Men vi tok oss fleire kvilepausar under vegs, så eg kom meg no gjennom det. Det var i grunnen ein prestasjon at eg klarte det, ler 90-åringen.

15 personar i følgjet

Med på turen var fleire barn og barnebarn. Fleire av dei hadde vore på Galdhøpiggen før. No ville Leif også vere med. Heile følget var på 15 personar. Den yngste var 15, den eldste altså 90.

– Eg trur eg brukte fem timar opp. Og det var det verdt. For vi hadde flaks med vêret. Det var ikkje ei sky på himmelen, så vi kunne sjå vide utover alle fjell og Jostedalsbreen. Eg sa det til dei eg gjekk saman med at eg har aldri før sett så mykje blå himmel på ein gong. Ja, det var ei stor oppleving for meg

– Det var også heilt vindstille denne dagen. Dei som har vore der fleire gonger før sa at det er nokså uvanleg.

Leif fortel at det var stor trafikk opp til toppen, av både gamle og unge.

– Nokre tok seg god tida, andre sprang opp til toppen.

Song bursdagssongen

– Var det fleire 90-åringar på tur?

– Nei, eg var vel den eldste der. Men det var ein til som hadde bursdag, ein gut på 17-år. Så då skuleklassen han gjekk saman med fekk vite at eg også hadde bursdag, song dei bursdagssongen både for han og for meg. Og så fekk eg eit kakestykke.

Leif Hoggen har alltid vore ein friluftsmann, anten han har gått for å plukke bær, drive jakt – eller berre teke seg ein tur.

– Eg har likt meg i skog og mark, men har ikkje gått så mykje på dei høgste fjelltoppane.

– Blir det fleire fjellturar på deg framover?

– Det veit eg ikkje, men eg likar no å gå ute i naturen.

Laurdag skal 90-åringen feire bursdagen ein gong til. Det skjer på Høgtun i Vikebygda, med slekt og vener.