Laurdag viste han fram samlinga si då han inviterte til veterandag på Vartdal.

– Bilane som vart laga på 50-talet er dei mest spanande og teknisk utfordrande å arbeide med. Det var skikkeleg handverk, seier 72-åringen.

Mercedes

Når vi ser oss rundt i og utanfor den nedlagde skofabrikken på Vartdal, så blir vi ikkje overraska over å høyre at Mercedes er det bilmerket han har arbeidd mest med. Men den sjeldnaste er likevel ein Peugeot 203, 1950-modell.

– Dette var den første veteranbilen eg fekk tak i. Den kjøpte eg av ein nabo i 1976. No trur eg nokso sikkert at det berre er to slike bilar att her i landet. Den eine har eg, den andre fekk kong Harald på 18-årsdagen sin – men er no attende hos Bertel O. Steen AS.

Franskkurs

Ragnar måtte gå på franskkurs slik at han kunne gjere seg forstått på telefon når han ringde rundt og spurde etter delar til bilen.

– Det er litt av eit detektivarbeid å få tak i delar til bilane eg set i stand. Heldigvis vart alt mykje lettare då internett kom. Så no finn eg delar verda rundt.

Alle bilane hans, 17 i talet, trur han, har skilt og er køyrbare. Men det har teke tid.

– Eg trur i snitt at eg brukar ti år på ein bil. Men då held eg på med fleire samtidig, seier Ragnar – og tek oss med opp i verkstaden på andre sida av vegen.

Her står det mellom anna ein Mercedes 300 1958-modell som han fekk tak i allereie i 1999, men som langt ifrå er ferdig.

– Eg heldt på å gje opp, for det var så vanskeleg å få tak i delar. Men så tok eg opp att arbeidet, og held på enno.

At Ragnar har bil i blodet, er det ikkje tvil om. Han vaks nærast opp i bilverkstaden til faren, Ole A. Myklebust.

Sjølv tok Ragnar ingeniørutdanning i Ålesund, men vart deretter journalist i Ingeniørnytt – før han kom heim att og tok over verkstaden til faren, flytta den til Hovdebygda og skifta namn til Bil- og Gummiservice. I dag er det ei stor bedrift, og Ragnar er framleis i aksjon her.

Ein av dei nyaste bilane han viste fram laurdag er ein Opel Kadett 1969-modell, utstyrt med det første UE-skiltet på Sunnmøre, UE 10000.

Som Opel-forhandlar må han sjølvsagt ha den i samlinga.