Tek over som nynorsk-sjef

Per Magnus Finnanger Sandsmark tek over som direktør for Nynorsk kultursentrum.

Presentasjon: Per Magnus Finnaker Sandsmark er presentert som ny direktør for Nynorsk kultursentrum. Til venstre styreleiar Lodve Solholm.  Foto: Terje Engås

Nyheter

Dette blei kunngjort på ein pressekonferanse på Aasentunet måndag.

Sandsmark er i dag redaktør i det digitale oppslagsverket Allkunne.

Per Magnus Finnanger Sandsmark tek over etter Ottar Grepstad, som blir pensjonist til hausten.

Grepstad blei tilsett som direktør i 1999 og var med det den første fast tilsette i Nynorsk kultursentrum. Under hans leiing og gode samarbeid med styre og råd er Nynorsk kultursentrum blitt ein nasjonal kulturinstitusjon av dei sjeldne, heiter det i invitasjonen til pressekonferansen.


Allkunne:

Per Magnus Finnanger Sandsmark er ny redaktør i Allkunne

Per Magnus Finnanger Sandsmark (26) frå Halden blir ny redaktør i det digitale oppslagsverket Allkunne.