Statens vegvesen skal forsterke fylkesveg 147 over Nakkedalen mellom Vatne og Fiksdal. Vegen vil vere stengt for gjennomkøyring mellom klokka 08.30 og 15.00 store delar av sommaren.  Stenginga av vegen på dagtid startar torsdag 14. juni og vil halde fram ut september. Entreprenøren har ferie i uke 29, 30 og 31 (frå 16. juli - 5. august). Då vil vegen vere open.

Det opplyser Statens Vegvesen i ei pressemelding.

– Dette er den lengste strekninga på forsterkingsprogrammet i år, heile 11,2 kilometer. Vegen er smal og det er ikkje mogleg å drive effektiv anleggsdrift med trafikk på vegen. Difor må vi stenge når entreprenøren arbeider, fortel prosjektleiar Odd-Einar Hjellen i Statens vegvesen i pressemeldinga.

– Nakkedalsvegen vil fortsatt vere ein smal veg. Hovudmålet med prosjektet er å gjerne vegen sterkare, slik at vi kan vere trygge på at han held i mange år framover, seier prosjektleiaren.

Trafikkavvikling

Sjølv om vegen er stengt for gjennomgangstrafikk, vil dei som bur på strekningen kome seg til og frå heimen når vegen er stengt. Vegen vil også vere open for skulebussen og naudetatane.

Det vil vere hindringar for trafikantane også når vegen er open for trafikk. Det blir arbeidd fleire stadar samtidig og dei som køyrer må forvente opp mot 15 minutt ekstra køyretid.