(Vikebladet) Ola Honningdal Grytten er professor ved Institutt for samfunnsøkonomi, Seksjon for økonomisk historie ved Norges Handelshøyskole (NHH) i Bergen og professor II ved Hauge School of Management (NLA), i tillegg til ein av landets fremste økonomihistorikarar. Ålesundaren er ein mykje nytta ekspert på samfunnsøkonomifeltet, og kjenner godt til dei ulike næringane kring om i Norge.

Sjølv om han bur og jobbar i Bergen, kjenner han svært godt til situasjonen for den maritime næringa i heimtraktene. Då nyheita om at Kleven har fått i hamn ei finansiell løysing kom måndag, følgde den 54 år gamle professoren nøye med, og mest av alt med stor glede.

– No har Kleven blitt berga i to omgangar. Det er eigentleg ein veldig god jobb dei har gjort. I staden for å innskrenke drifta eller å slå heile verksemda konkurs har dei vore villige til å finne gode og rimelege løysingar, seier Ola Honningdal Grytten til Vikebladet Vestposten.

Skeptisk til bortfallet av lokale eigarar

Men professoren er også kjent for å snakke rett frå levra, og han er heilt klar på at han ser skeptisk på at alle dei lokale eigarane no er ute av Kleven Verft. For kjernepunktet i løysinga var nemleg at det Hurtigruten-eigde holdingselskapet KVE Holding tek over 100 prosent av aksjane i Kleven Verft, Kleven Maritime Contracting og Kleven Maritime Technology. Dei lokale eigarane, til dømes Kleven-familien sjølve og Åge Remøy, er altså ute av Kleven Verft, men framleis medeigarar i Myklebust Verft og dei andre Kleven-selskapa.

– Også på delar av dette feltet ser ein no at det lokale eigarskapet blir vatna kraftig ut. Det er ein tendens ein ikkje berre ser i Ulsteinvik og regionen der, men på heile Sunnmøre. Dei lokale eigarane har forsvunne utruleg raskt. Sjå til dømes på reiarlaga, kor mange av dei som har skifta eigarar siste åra. Som heilskap for sunnmørsregionen er dette verkeleg eit tankekors, seier Honningdal Grytten og legg til:

– Sunnmøre er ein av dei få stadane i landet der ein har klart å halde på det lokale eigarskapet. Historisk sett er det vi no ser noko relativt nytt for Sunnmøre. Så er det også måten det skjer på. Andre stader har dette stort sett skjedd fordi det har kome eit forlokkande tilbod på bordet. På Sunnmøre har det i grunnen skjedd på grunn av den store krisa i offshorenæringa. Minus Ekornes-salet til Kina sjølvsagt, det vil nok vise seg å vere lukrativt.

NHH-professoren meiner dei tilsette i Kleven kan vere nøgde med den finansielle løysinga for no, men vedgår at han er veldig usikker på kva som kan komme til å skje lengre fram i tid.

– Ser ein på kva for moglegheiter Kleven hadde i denne andre redningsaksjonen, så er eg nok så sikker på at dei i realiteten ikkje hadde nokon andre alternativ. Om kapitalen Kleven treng kjem frå Hurtigruten eller frå Ulsteinvik skal i utgangspunktet ikkje ha noko å seie, så lenge Kleven no leverer gode resultat igjen. Det einaste er at dei som har eit stort hjarte for det lokale nærings- og arbeidslivet og som tidlegare kontrollerte verftet, ikkje lenger er garantistar for at det forblir slik.

Stiller spørsmål ved Hurtigruten som langsiktig verftseigar

Han stiller også spørsmål ved intensjonen til Hurtigruten. I pressemeldinga og under presentasjonen til konsernsjef Karsten Sævik kom det fram at Kleven kan få ein likviditetstilførsel på opp til 600 millionar kroner - dersom behovet melder seg. Ein solid pott av kapitalen er også sett av som ein "buffer", forklarte finansdirektør Ola Beinnes Fosse under intervjuet med Vikebladet Vestposten i etterkant av presentasjonen. No er altså Hurtigruten gjennom sitt selskap KVE Holding eineeigar av Kleven Verft.

– Ein kan jo spøre seg kvifor Hurtigruten vil eige eit verft. Ja, det har nok mykje med Hurtigruten sine eigne investeringar å gjere, i ekspedisjonsskipa som skal byggast der. Dei ønskjer jo sjølvsagt ikkje å tape mykje pengar. Men om dei faktisk har tenkt å vere ein langsiktig eigar i verftet er eg meir usikker på. Eg ser i fyrste rekkje på dette som nok ei kriseløysing. Det tenkte eg også ved førre korsveg. Då fekk eg litt pepper for det eg sa, men det var nok tydelegvis rett, seier Ola Honningdal Grytten.

600 millionar kroner er mykje pengar, kommenterer han.

– For Hurtigruten blei det jo eit problem at Kleven sleit slik, og det er sjølvsagt at dei ønskte å sikre seg. Men eg er likevel overraska over summen Hurtigruten og bankane har stilt til rådvelde. Det er ikkje reint lite pengar. Så får vi berre håpe at Hurtigruten faktisk meiner det dei har sagt, at dei ønskjer å vere ein langsiktig eigar.

Trur euroen har noko av skulda

Kleven-familien sit truleg ikkje igjen med så mykje etter to tøffe rundar med refinansiering, trur Ola Honningdal Grytten.

– Kleven-konsernet har slite med lite lønnsemd lenge, har overraska med stor evne til omstilling, men har ikkje klart å bygge skip som har retta opp den dårlege lønnsemda. Det Kleven-familien først og fremst skal ha stor honnør for, er at dei har vist enorm vilje til å halde hjula i gang. Dei har sett arbeidsplassane til sine tilsette i høgsetet. Det er berre så synd at omsynet til botnlinja reint økonomisk ikkje ser ut til å ha vore like stort, og at dei sjølve måtte lide for det.

Den tøffe situasjonen i olje- og gassnæringa er berre éit element i det heile, meiner han.

– Ein må også sjå på andre faktorar. Euroen har til dømes blitt mykje sterkare enn ein har trudd den skulle bli. Eg går ut ifrå at det er ganske mykje av det Kleven monterer på skipa som er importert. Ein sterk euro er ikkje hyggeleg for verfta. Dette i samband med bortfallet av kontraheringar på nye offshoreskip har ført Kleven og mange andre inn i ein situasjon det var vanskeleg å forutsjå.

– Hurtigruten hadde ikkje anna val

Ola Honningdal Grytten gler seg over at Kleven no ser ut vil å vere berga.

– Men det sa seg også litt sjølv at dette ville vere den mest sannsynlege løysinga. Hurtigruten hadde nok ikkje anna val. Det var først og fremst viktig at verftet ikkje gjekk dukken. No må Kleven snu det, og det trur eg dei kan klare.

NHH-professoren kjenner som sagt godt til næringslivet på Sunnmøre, og kjenner også til mannen som skal lose Kleven vidare gjennom ei tung tid. 1. juni byrja nemleg Karsten Sævik offisielt i jobben som konsernsjef.

– Det er ein dyktig mann, og ein veldig god leiar, utifrå det eg veit om han. Eg trur han er i stand til å setje saman ein godt lag som saman kan stå av dei ulike utfordringane som ventar, seier Honningdal Grytten.

Som også veit at Sævik er stor Hødd-fan, og at han nytta fotballmetaforar og samanlikna Kleven med Hødd då han snakka til dei tilsette måndag.

– Det er viktig å vere ein samlande leiar i ein slik situasjon Kleven er i no.

– Skal ikkje kimse av Myklebust Verft

Dei lokale eigarane er altså ute av Kleven Verft. Men dei eksisterande lokale eigarane, mellom andre Kleven-familien, er framleis medeigarar i Myklebust Verft. Nettopp det gler Ola Honningdal Grytten seg over.

– Heilt klart. Det er nok mange som tenkjer at Myklebust Verft ikkje er det same som Kleven Verft, men det blir feil måte å sjå det på. Lønnsemda til Myklebust Verft har vore betre enn lønnsemda til Kleven Verft dei siste åra, og dei har hatt mange spanande prosjekt. Dette er eit verft som er fullt ut konkurransedyktig og som eg trur vil få mange jobbar også i framtida. Ein skal ikkje kimse av Myklebust Verft, seier han og legg til:

– Det er ikkje verst å sitje igjen med lokale eigarar på Myklebust, det er heilt sikkert.

Denne saka blei først publisert av Vikebladet.