Han reknar ikkje med at folk går mann av huse.

– Men fiskarane er der. Det er også professorane, spår Sandberg, og håper at mange har anledning til å kome. Tid og stad er NMK i Ålesund frå klokka 12.30.

Tre kontroversielle ting reknar han med vil dukke opp: Strukturering av kvotar, ressursrente som avgift til staten og strukturering i sjarkflåten.

Nyleg har departementet drøfta om sjarkflåten bør kunne strukturere, slik dei andre flåtegruppene kan. Det har blitt meir vanleg med samfiske- fartøy, og færre sjarkar blir drifta åleine.

– Eg har ikkje konkludert, understrekar Sandberg overfor Sunnmørsposten.

– Men eg vil gjerne nytte sjansen på møtet til å imøtegå enkelte medieoppslag med Senterpartiet nyleg der dei spår dommedag.

Provoserte havflåten

I vinter provoserte Sandberg dei store reiarane i havflåten. Under årsmøtet i Fiskebåt opna han for å flytte kvotar mellom dei ulike fartøygruppene. Han spurde også om bidraget frå næringa til kystsamfunna er stort nok.

– I takt med at fiskeflåten blir effektivisert, ser vi at legitimiteten til flåten blir utfordra, sa Sandberg til Sunnmørsposten.

Dette var i vinter. Har Sandberg no kome nærare eit svar på korleis framtidas kvotesystem bør sjå ut?

– Eg har konkrete innspel på eit par område, men det vil eg vente med til møtet på torsdag. Og eg har ingen konklusjonar, seier Sandberg igjen.

Statsråden vil halde ei innleiing før det blir opna for debatt.

– Ambisjonen min er å er få på plass eit system som både er enklare, meir fleksibelt og som gir betre grunnlag for forvaltning og verdiskaping av fisken vår, seier ministeren.

I tillegg til Ålesund inviterer han til folkemøte i Svolvær, Alta og Mandal.

Per OVE Stige