Folkerøystinga blei halden måndag. Resultatet blei ifølgje Fjordenes Tidende slik:

  • Ja til Kinn: 36,8 prosent

  • Nei til Kinn: 60,4 prosent

  • Veit ikkje: 1,7 prosent

  • Blanke røyster: 1,1 prosent

Vågsøy, utan Bryggja:

  • Ja til Kinn: 38,5 prosent

  • Nei til Kinn: 58,7 prosent

  • Veit ikkje: 1,9 prosent

  • Blanke røyster: 0,9 prosent

Planen har vore at Vågsøy og Flora, som ikkje grensar til kvarandre, skal slå seg saman til Kinn kommune. Bremanger, som ligg mellom, vil ikkje bli del av den nye kommunen.

Leiar av nei-leiren vil ha reversering

Ifølgje Fjordenes Tidene (krev abonnement) forventar Fredrik Egeberg, styreleiar i Nei til Kinn, at kommunestyret i Vågsøy torsdag går inn for å sende ein reverseringssøknad om den omstridde kommunen.

– Når folket har stemt sopass tydeleg mot Kinn, så må kommunestyret sette ned foten og innrømme at dei har dumma seg ut. Dei må stoppe opp og reversere prosessen. Folket vil ikkje ha det, seier Egeberg til avisa.