Krav på til saman 41,7 millionar kroner er komne inn til konkursbuet i Sunsea AS på Moltu, skriv Vestlandsnytt.

Bustyrar Thore Heggen hadde registrert til saman 113 krav då fristen for å melde krav gjekk ut. Søre Sunnmøre tingrett opna konkurs i april, etter eit krav frå Hafslund Tellier AS.

Av krava på nær 42 millionar utgjer pantekrava 23 millionar kroner, der Innovasjon Norge har det største kravet på nær 15 millionar kroner, ifølgje avisa.

Sunnsea Seafood As har sett fram eit pantekrav på fem millionar kroner. Tre tilsette har meldt fyrsteprioritets lønskrav på over 120.000 kroner for løn dei ikkje har fått dekka gjennom NAV sin lønsgaranti.

Bustyrar slår fast at ein ikkje kan rekne med dekning til dei usikra kreditorane.