I februar i år bestemte Sula kommune seg for å opprette eit hjelpeaparat i samanheng med den såkalla Breidablikk-saka, der fleire gamle overgrepssakar kom til overflata. Under kommunestyremøtet torsdag ettermiddag ber ordførar Jim-Arve Røssevoll om orsaking til offera og pårørande. Under kjem den fulle orsakinga frå ordføraren.

Ordførar, kommunestyre.

Like før jul kom det eit brev til Sulaposten og vidare til Sula kommune ved ordførar, der ein tidlegare skulestyrar ved gamle Langevåg skule, Breidablikk,  vart skulda for både grov vald og seksuelle overgrep mot elevar ved skulen.

Som nokon av dykk sikkert har fått med seg i Sulaposten i dag, har eg tenkt å halde ei orientering i samanheng med den såkalla Breidablikk-saka, samt komme med ei orsaking til alle dei som har vore råka på ein eller annan måte.

Skulestyraren det vart vist til har vore død i fleire tiår, men skuldingane var såpass konkrete og alvorlege at dette var noko kommunen måtte ta tak i.

Vedkommande som har blitt skulda for desse overgrepa har ikkje nokon sjanse til å forsvare seg sjølv. Saka har heller aldri blitt meldt til politiet, vore etterforska eller på anna måte vore ei offentleg sak.

Ein må  hugse på at verken pressa, sosiale medier, kommunen eller enkeltpersonar har  mynde til å dømme nokon. Ein person som for lengst er død og ikkje kan forsvare seg gjer saka umogleg å forfølge rettsleg. All vår fokus i denne saka har difor vore retta mot offera og deira pårørande.

Personen som framførte desse skuldingane meiner at ei offentleg orsaking til offera og deira pårørande er på sin plass, og at ansvaret for å gjere dette skulle leggast til ordføraren i kommunen.

I ei slik alvorleg sak som dette er, så måtte vi gjere eit forsøk på å få bekrefta desse påstandane som blei lagt fram, og om mogleg gjere oss opp eit bilete av omfanget. Kommunen meinte at ein måtte vere forberedt på at andre ville bekrefte desse påstandane, og la dei som hadde vore utsatt for desse overgrepa få komme med sine historier og bli høyrd.

Kommunen trengte å søke profesjonell hjelp for å få råd om korleis ein burde handtere ei slik sak, og korleis gå fram.

Vi var veldig usikre på kva omfang dette ville få, det er fleire tiår sidan dei siste overgrepa kunne ha skjedd og dei attlevande offera er no godt vaksne og pensjonistar.

Kommuneleiinga var tidleg i kontakt med det regionale RVTS-teamet (ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging) som raskt tok turen til rådhuset med psykologar og spesialistar innan seksuelle overgrep. Saka vart nøye diskutert, vi fekk gode råd og ein bestemte seg for å legge til rette for at personar som hadde noko å fortelje skulle få moglegheita til å gjere dette.

Etter kort tid hadde kommunen klar ei teneste for dei som ynskte eller hadde trong til å komme med si historie. Ein oppretta ein telefonteneste med eit direktenummer. No kunne ein ta kontakt på ein trygg og god måte, og  vere sikre på at det dei fortalde var konfidensielt. Ein skulle føle seg trygg på at namn ikkje blei offentleggjort. Telefonen var besvart av helsepersonell med teieplikt.

Informasjon om denne tenesta vart gitt gjennom lokal presse og kommuna si heimside.

Sjølv om denne tenesta no vil bli avvikla, vil det fortsatt vere mogleg å fortelje og dele si historie om ein henvender seg til fastlegen sin. Fastlegane er forebudd på at slike henvendingar og spørsmål kan dukke opp i tida framover.

Personar som har kome fram og fortald om eigne opplevingar eller som pårørande, har fortald historier om seksuelt misbruk og grove fysiske overgrep. Dei beskriv ein situasjon med maktmisbruk, frykt og usikkerheit. Dei fortel om eit samfunn som ikkje klarte å gje den beskyttelsen og tryggleiken ein kunne forvente seg.

Dette var eit tid med heilt andre sosiale strukturar og sosiale reglar enn kva vi har i dag. Vi veit at enkelte personar i bygda hadde ein heilt anna sosial status enn det ein har i dagens meir likestilte samfunn.

Når ein i tillegg var ein høgt respektert person, som var aktiv i lokalsamfunnet på mange ulike områder og hadde innflytelsesrike vener, så var det ikkje enkelt å nå fram med påstandar. Ein ville nok  vegre seg for å gjere det. Mange frykta for konsekvensane det ville få om ein sa i frå.

Det vart også knytt skam til dette, enkelte bar på hemmelegheita utan å fortelje den til nokon. For nokon var det å fortrenge hendinga, einaste moglegheita til å komme seg vidare i livet.

Gjekk overgriparen etter born som stod svakare sosialt, foreldrelause eller personar med berre ein forelder,  eller born som hadde andre utfordringar? Det har i alle fall vore hevda utan at vi har noko grunnlag for å fastslå det.

Eit par år før brevet blei sendt til lokalpressa og kommunen tok tak i saka, har det også  i sosiale medier kome fram påstandar om desse overgrepa, ikkje like klare og tydlege, men likevel. Med påstandar om at  det kan dreie seg om misbruk av svært mange barn.

Likevel blir omfanget av dei påståtte overgrepa  umogleg å gjere seg opp eit fullstendig bilete av. Vi har blitt kontakta både på telefon, gjennom meldingar, brev og ved personleg oppmøte, og har fått vitnesbyrd i form av personlege opplevingar som bekreftar dei overgreps-skuldingane som vart lagt fram i brevet. Summen av alt vi har høyrt og det moglege omfanget av denne saka gjer eit djupt inntrykk på oss alle.

Eg vart sjølv kontakta av ein person som valde å dele historia si med meg, og det første som blei sagt til meg  i telefonen, var; «eg er ein av dei». Det påfølgande møtet der historia vart fortald var sterkt å høyre på. Ein løyndom vedkommande hadde bore på heile livet.

Det er all grunn til å tru at det finnast dei som ikkje vil snakke om dette av ulike årsakar, vi forventa ikkje at alle som har vore utsett for overgrep ville snakke om det, men at dei som ønskja å fortelje si historie skulle bli lytta til.

Ein skal ikkje sjå vekk i frå at enkelte ikkje ønska å få desse vonde minna tekne opp på ny. Nokon har klart å leve med dei overgrepa dei har blitt utsett for, for andre kan desse hendingane ha prega livet deira og fått ulike konsekvensar. Kor mange som har slitt med psykiske problem, og påverka sine næraste som ein konsekvens av slike opplevingar veit vi ikkje.

Har dei som har vore utsett for desse overgrepa også levd i trua på at dei var dei einaste som var utsett for slikt og haldt tett?

Det finst også dei som har gitt  utrykk for at dei ikkje synast noko om at denne saka blei offentleg og at kommunen skulle følgje den opp.  Det ville ikkje føre noko godt med seg!

For lokalsamfunnet så er dette ei sak som har lagt under overflata som ein verkebyll, for dei fleste ukjend, men nokon har kanskje hatt mistanke eller også visst om det.

Det kan vere at nokon har forsøkt å ta det opp, men ikkje nådd fram. Er dette ein mørk hemmelegheit som bevisst har blitt forsøkt heldt skjult? Har det vore andre personar opp gjennom åra som har bidrege til å legge lokk på saka? Korleis kunne dette fått hende over ei  så lang tid utan at det blei stoppa? Kunne det ha skjedd i dag?

Spørsmåla er mange og svara er få. Ein kan berre spekulere. Men i dag ville ikkje slike overgrep kunne skje då vi har system og beredskap som raskt vil fange opp slike hendingar.

Det er sårt å tenkje på at dette mest truleg har fått skje over så lang tid og med mange moglege offer. Var det eit heilt lokalsamfunn som svikta, eller var dette ein godt bevart hemmelegheit?

At ein måtte vente heilt til 2018 før desse hendingane blei offentleg og at ein tok tak i saka og gav offera ei orsaking er tankevekkande.

Eg vil gi honnør til dei som har tord å stå fram med sine historier slik at kommunen kan få bekrefta desse påstandane. Også vedkommande som tok bladet i frå sin munn og  skreiv brevet og utfordra oss i å ta tak i den skal ha honnør.

Sjølv om dette skjedde i ei tid Sula kommune ikkje eksisterte, så kviler det likevel eit ansvar på oss alle. Vi kan ikkje få desse overgrepa ugjort, vi kan ikkje rette på alt som burde ha vore gjort annleis. At ein offentleg vedkjenner seg at det har skjedd overgrep, sjølv utan at ein veit omfanget, trur eg likevel er viktig. Det å få bekrefta at det som tidlegare berre har vore rykte, påstandar og  mørke hemmelegheiter er avgjerande.

Eg håper i alle fall at dette har bidrege til at offera og deira pårørande og alle andre som har vore skadelidande i kjølevatnet av dette mørke kapittelet i vår lokalhistorie, kan føle ei viss trøyst og oppreising.

Eg vil difor be om orsaking til dei som forsøkte å sette søkelys på det som skjedde men som ikkje  vart høyrd eller trudd.

Eg vil be om orsaking på vegne av dei som hadde ansvar for skulen på den tida, og enten ikkje visste eller tok ansvar slik dei burde.

Eg vil be om orsaking for at overgrepshandlingar fekk skje rett framfor nasen på eit heilt lokalsamfunn over fleire tiår, og at offera ikkje fekk hjelp og støtte då det vart mest  trong for det. Eg vil på vegne av eit lokalsamfunn be om orsaking for det offera og deira pårørande har blitt utsett for.

På vegne av oss alle ber eg om orsaking!