(Møre-Nytt): Møre-Nytt skreiv torsdag om tvangssalet av to leilegheiter i Holtegården i Volda. Taksten på den eine var 2,5 millionar, den andre 2,4 millionar. Dei vart selde for til saman 1,205 millionar, altså under ein firedel av samla takst på 4,9 mill.

Den eine vart kjøpt av kona til styreleiaren i sameiget.  Den andre til ein i nær familie. Leilegheitene er ein del av eit dødsbu, og salet skjedde på oppdrag frå Søre Sunnmøre tingrett.

Det har vore usemje om betaling for garasjeplass, og fellesutgiftane vart sett opp før salet.

Ein arving til den avdøde eigaren er kritisk til salsprosessen, og meiner andre kjøparar vart skremde vekk.

Ottar Skare hadde ansvaret for å taksere leilegheitene. Han er svært overraska over salssummen.

– Dette er ein heilt unormal pris. Eg meiner prisen burde ligge rundt taksten, som er nøktern. Eg har mellom anna sett på kva leilegheiter i området er selde for før. Ved vidare sal kan eg ikkje sjå at det er aktuelt med ein så låg pris, seier taktsmann Ottar Skare.

Han trengde ikkje gå langt for å finne noko å samanlikne med. I 2016 og 2014 selde Kragset Eigedomsmekling to leilegheiter i Holtegården. Begge var om lag halvparten så store som dei to leilegheitene som er selde på tvangssal. Og begge oppnådde prisar rett i underkant av takst. Det vil seie 1,4 millionar og 1.350 millionar. Altså halvparten så store leilegheiter til meir enn det dobbelte av prisen på dei to som gjekk på tvangssal.

– Prisen på dei to leilegheitene som er selde på tvangssal er ekstremt oppsiktsvekkande, seier Johnny Kragset i Kragset Eigedomsmekling.

– Vi sel mange bustader i Volda, rundt 100 i året, og står der med for 70-80 prosent av marknaden. Og vi har knappast selt nok som har gått under 20 prosent under takst, seier han.

Bra marknad

Nyleg selde dei ei leilegheit på 33 kvadratmeter for 1,175 millionar kroner i eit område som Kragset meiner ligg like attrakativt til som Holtegården.

– Marknaden i Volda kokar ikkje, men fungerer bra, seier Kragset.

Tingretten ga salsoppdraget til advokat og meklar Jørund Knardal.

– Er ikkje det med på å forklare den låge prisen?

– Eg vil ikkje gå inn på den konkrete saka og prosessen rundt den. Men det er ein grunn til at det i eigarskapslova er avgrensingar for kor mange seksjonar ein eigar kan ha. Generelt seier lova at du berre kan eige to seksjonar, nettopp for å unngå at ein av eigarane tek kontroll.

Dersom det er behov for tiltak som ikkje kan utsetjast utan fare for skade på objektet, eller tiltak som er naturleg å føreta for sal for å betre prisen, som rydding, reingjering og enkelt vedlikehald, skal han varsle saksøkjar og andre panthavarar.

– Dersom det skulle vise seg at prisantydning er sett noko høgt, ved at ein først får inn skambod og låg respons , så vil det vere naturleg å tilnærme seg og signalisere ei lågare prisantydning, for å oppnå ny auka respons. Ingen ventar å få kunne kjøpe til 50 prosent eller meir under prisantydning, seier eigedomsmeklar Johnny Kragset.