Så langt vil Sandberg ikkje konkludere med om fiskarane har såkalla superprofitt. Han vil heller ikkje konkludere med om fiskeri derfor bør få ekstra-skatt eller ressursrenteskatt.

Men på gårdagens folkemøte i Ålesund var han klinkande klar på dette:

– Fiskarane haustar fellesskapets ressursar. Fiskeria skal gje avkastning tilbake til kystsamfunna.

– Eg synest det er merkeleg at Frp fremmar ein ekstra ressursrenteskatt. Det er ikkje superprofitt i fiskeri slik det er i olje, sa ringnotreiar Sigurd Teige under diskusjonen.

Kjøp og sal av kvotar

Samtidig har Sandberg bestemt seg for ei ordning med kvoteutveksling mellom fartøy.

– Eg vil at det skal vere mogleg å leige ut delar av kvotane som høyrer til eit fartøy. Eg ønskjer samtidig at dette skal vere ei ordning for aktive fiskarar, sa Sandberg.

Han ser for seg at kvotar kan utvekslast enkelt ute på fiskefeltet. Han tenker at denne marknadsplassen kanskje kan driftast av eit av fiskesalslaga.

– Dette vil gje anledning til profitt, understreka Sandberg overfor Sunnmørsposten etter debatten. Spørsmålet om ein ressursrenteskatt står ikkje åleine men heng saman med fordelar som fiskarane får, understreka han.

Sjarkflåten

Kva som skjer med sjarkflåten var det derimot lite interesse for i diskusjonen.

Per Mjelva i Marine Sales tok ordet og sa at reduksjon i denne sjarkflåten vil ramme leveransen av ferskfisk av høg kvalitet.  Slik situasjonen er no er det ingen båtar å miste, sa Mjelva.

Også ein sjarkeigar frå Hordaland tok ordet. Han ønskte strukturering av fiskebåtar under 11 meter, og meinte at dagens samfiskeordning i praksis er ei form for strukturering. Nyleg har departementet drøfta om sjarkflåten bør kunne strukturere, slik dei andre flåtegruppene kan.