Det var Ragnvald Vågsholm som tipsa Vestlandsnytt om den litt uvanlege gjesten. Han observerte kvalrossen frå sin veranda på Vågsholmen og fortel at han var heilt sjokkert over det han såg.

- Eg trudde ikkje mine eigne auge. Fyrst trudde eg det var ei nise, men då eg såg i kikerten vart eg heilt sjokkert, sa Vågsholm, i ein telefonsamtale med Vestlandsnytt.

Vestlandsnytt kom seg ut på fjorden i tide for å få knipsa bilete. Etter å ha sirkulert kring dyret ei stund kom kvalrossen nærare og nærare, skriv journalist Bjørnar Torvholm Sævik.