– Det er mellom anna personar som ønskjer å gi uttrykk for at det har vore godt for dei å bli trudd og at dei har fått ei slags oppreising. Vi må huske at det har lagt under overflata i fleire generasjonar, men at det aldri har vore tatt opp offentleg. Nå er det slått fast at det har skjedd med fleire, seier Røssevoll.

I generasjonar har det i lokalsamfunnet gått rykte om ein namngitt skulestyrar ved Breidablikk skule i Langevåg. Mannen, som har vore død i over femti år og som ikkje har direkte etterkommarar, har vore skulda for misbruk og vald i fleire tiår fram til 60-talet.

Orsakinga torsdag er eit punktum for kommunen i saka, i den forstand at dei no ikkje vil forfølge saka vidare.

– Vi må huske at den påståtte overgriparen er død for snart 50 år sidan, og det å få etterforska slike ting er veldig vanskeleg. Vi kom fram til at det var ei heilt umogleg oppgåve å ta fatt på. Det er heller ikkje kommunens rolle å etterforske saker, det er politiet si oppgåve, seier Røssevoll.

Kontakttelefonen som blei oppretta er no nedlagt, men fastlegane er budde på at det kan komme førespurnader i tida framover. Om nokon tek kontakt for å fortelje historia si og ønskjer at hendingane blir registrert, så gjer kommunen det. Det vil bidra til å få eit betre bilde av omfanget i saka.

Stort omfang

– Eg har sjølv snakka med fleire personar som kan vitne om overgrep. Og med tanke på kor gamal saka er så har kommunen vore kontakta av eit stort nok mengd at ein kan anta at det kan vere ganske mange som har vore utsette for overgrep, seier Røssevoll. På tida då dette hende var ikkje Sula ein eigen kommune. Ordføraren kan ikkje sjå at dagens kommune har noko erstatningsansvar.

– I barnevernssakene der personar har fått erstatning for ting som har skjedd lang tid tilbake, har staten vedteke ei erstatningsordning. I denne saka har erstatningsspørsmål ikkje vore tema, seier ordføraren. Vi har hatt fokus på å få fram historiene og omfanget av overgrepa.

Han fortel at dei har rådført seg med fagfolk og høyrd på råda.

– Eg legg ikkje skjul på at dette har vore vanskeleg. Det har vore alvorlege påstandar og veldig komplisert å handtere. Gjennom orsakinga håper eg at dei det gjeld har fått ei viss for oppreisning og avslutning. Men det kvar enkelt bær med seg kan ikkje viskast vekk. Nokon klarer å leve med det, mens andre slit. Det har vore historier det har vore sterkt å høyre på. Eg vil rose dei som har stått fram med historiene sine, for det har nok vore tøft å stå fram. Når eg får telefonar som stadfestar at det vi har gjort er riktig, då vert eg glad, seier Røssevoll.

Kunne ikkje skjedd i dag

Han meiner at ei slik sak ikkje kunne ha skjedd i dag.

– Det har vi diskutert mykje. At det gjekk føre seg over så mange år, og at man lét det gå føre seg, det trur eg ikkje at hadde gått i dag. Samfunnet er heilt annleis og systema er langt meir gjennomsiktige. Merksemda i skulane og i barnehagane rundt dette er mykje større. I dette omfanget kunne det ikkje ha skjedd i dag.