(Fjordingen): Stryn kommune er først ute i Sogn og Fjordane med det kommuneadministrasjonen kallar ein ekstraservice til innbyggjarane. Du skriv inn eit spørsmål og på berre sekund gir Kari deg direkte svar, eller hjelper deg å finne fram på kommunen sine heimesider.

Kari har AI (Artificial intelligence) som betyr at ho lærer seg å gi betre svar etter kvart som ho blir brukt. Den nye medarbeidaren dukkar opp på Stryn sine heimesider 19. juni etter offisiell lansering under kommunestyremøtet tysdag.

– Vi håpar at folk synes Kari er nyttig og vil bruke ho. Hensikta er at våre eigne skal få arbeide i staden for å svare på spørsmål som denne chatboten effektivt kan gi svar på, seier rådmann Rune Hovde.

Denne saka vart først publisert av Fjordingen

Foto: ROGER OLDEIDE / FJORDINGEN
Foto: ROGER OLDEIDE / FJORDINGEN