Har du fått med deg «Trøndersangen»? Denne songen, signert kommunikasjonsbyrået Berre, er laga som eit samansveisande element i regionreforma som foreiner Nord- og Sør-Trøndelag. Låten, og musikkvideoen til, har på under ei veke hatt over ein million visingar og godt over 10.000 delingar i sosiale media.

Kort fortalt handlar låten om kjente og ukjente trønderar som ikkje lenger er nord- eller sørtrønder, men berre trønder.

Glade, samarbeidsklare, trønderar.

«Vi hadde ikkje akkurat sett for oss at eit oppdrag frå fylkeskommunen var det som skulle ta fullstendig av» lo Lasse Berre då eg snakka med han tysdag. Kommunikasjonsbyrået hans har no sitt svare strev med å ta hand om den enorme interessa for songen.

Inn i hjarterota

Kvifor denne interessa? Fordi vi er misunnelege, sjølvsagt.

Det er som ei venninne av meg skreiv då ho delte musikkvideoen på Facebook: «Får lyst til å flytte til Trøndelag!». Ja, slik kan ein kjenne det, for når du har sett «Trøndersangen» sit du der, tilbake, med eit stort smil om munnen og tenkjer at det må vere fint å ha ein felles identitet, å kjenne seg som eitt lag.

Sjølv om eg må seie: eg vil ikkje vere trønder, langt ifrå. Eg har aldri, heller ikkje no, kjent meg som trønder, ikkje ørlite eingong.

Det eg derimot vil, er å vere vestlending.

Gløym dette oppkonstruerte ordet nordvestlending, det kjenner eg meg ikkje igjen i. Men vestlending, det er eg, så inderleg, langt inn i hjarterota.

Namneran

Men så har vi altså hamna der, vi i Møre og Romsdal, at vi ikkje samarbeider med nokon. Vi står åleine. Og no får vi ikkje vere vestlendingar lengre, heller.

Forskar Yngve Flo, som sjølv er frå Nordfjord, er ein av dei som har uttalt seg kritisk til det nye regionnamnet og han spør: «Kven er no vestlendingar? Om sunnmøringar og rogalendingar også er vestlendingar, kva kallar vi folk frå Vestland? Kva er Nordvestlandet? Er det noko anna enn det nordlege Vestland? Kvar er vi når vi gjestar ein av vestlandsfjordane? Korleis skal pressa skrive om verftsnæringa på Vestlandet, og meteorologane omtale lågtrykka som er på veg inn over Vestlandet sørifrå, (det vil nå fram til Rogaland frå morgonen av, og bevege seg oppover mot Vestland ut på ettermiddagen ...?)»

Og slik kunne vi fortsette.

Kva skjedde?

Kvar har vi vore, all denne tida då «Vestland» blei «demokratisk bestemt»? Vi skulle ha gått i protesttog, vi skulle ha kjefta og smelt, vi skulle ha nekta.

Eg mislikar det så sterkt at eg ikkje kan få sagt det. Er problemet til oss vestlendingar at vi er for eigenrådige, for individualistiske, for navlebeskuande?

For medan trønderane samlar seg rundt ein feelgood-låt er det berre sure tonar her hos oss. Vi kranglar som busta fyk om kva vi skal bruke pengar på og alt tydar på at heile fylket snart er under Robek-kontroll. Då får vi bestemme endå mindre over oss sjølv.

Hurra for den snarrådige vestlendingen og den initiativrike sunnmøringen, liksom.

Ærleg talt.

Vi må skjerpe oss før vi mister oss sjølve fullstendig.

Og det må skje no.