(Vikebladet) – Vi vart kontakta av vitne som såg det som skjedde. Politiet var raskt på staden, og vi har no danna oss eit ok bilde av det som skjedde, seier lensmann Hans-Eirik Pettersen.

Har teke avhøyr

Det heile skjedde i området rundt bensinstasjonen i sentrum, og til no har politiet avhøyrt tre av dei fem som sat i bilen. I tillegg er to vitne avhøyrde i saka.

– Det var altså fem lokale ungdomar i 20-åra som sat i bilen. I bilen var det også tre luftgevær, og det vart drukke alkohol. Dette er totalt uakseptabel framferd, særleg når det vert sikta på andre og fyrt av skot. For folk som ikkje er våpenkunnige, er det ikkje slett å skilje eit luftgevær frå ei jaktrifle, til dømes, så dette kunne opplevast ubehageleg, seier Pettersen.

Kor mange skot vart fyrte av?

– Det vart skote i alle fall éin gong. Og ifølgje vitneforklaringa hang nokre av ungdomane ut av vindauget medan bilen var i fart.

Førarkort og våpen

Det var tre menn og to kvinner i bilen. Dei tre som er avhøyrde, har gitt ei forklaring på skytinga.

– Det eg kan seie om det, er dei skulle ha med seg geværa ein stad for å skyte på blink. Så enda dei av ein eller annan grunn opp i Ulsteinvik sentrum i staden, seier lensmannen.Kva skjedde under pågripinga?

– Det gjekk roleg føre seg, det oppstod ingen farleg situasjon. Bilen vart stansa i Fløvegen og dei fem vart arresterte utan dramatikk.

Vert desse fem straffa på nokon måte?

– Sjåføren vart fråteken førarkortet. Vedkomande som skaut, får truleg ei bot for uforsvarleg omgang med skytevåpen. I tillegg har vi inndrege alle dei tre luftgeværa, seier Hans-Eirik Pettersen.

Denne saka vart først publisert av Vikebladet.