(Møre-Nytt) Sjefen på Hotell Ivar Aasen, Diana Moldskred, har teke initiativ for å få saka på dagsorden med mål for ei best mogeleg løysing på nattebråk og uro i Ørsta sentrum grunna råning. Problemet er ifølgje Moldskred omfattande og øydeleggjande for hotellet.

– Stort sett kvar natt opplever vi rånarar som køyrer rundt i sentrum til langt på natt. Vi høyrer støy frå bilmotorar, og støy frå såkalla burning. Nokre rånarar køyrer til tider fort, og nokre av bilane, også mopedar, har neppe forsvarlege eksosanlegg. Nokre bilar spelar så høg musikk at bassen slår godt i veggene på hotellet, fortel hotellsjefen.

Widerøe

Hotellgjestene klagar over at dei ikkje får sove, og at dei vert vekte midt på natta av bråket frå rånarane. Mellom dei er Widerøe sine crew som er ein stor og viktig kunde for hotellet, og som av tryggleiksårsaker er avhengige av samanhengande nattesøvn.

– Det er alvorleg at Widerøe sitt mannskap opplever nattebråk frå Ørsta sentrum og områda Mørebil-tomta og Shell som er rånarane sine samlingsstader. Vi er no i ein situasjon der Widerøe sin avtale for hotellet skal reforhandlast. Det er vesentleg for oss å få vidareføre denne avtalen, seier Moldskred.

Ho minner om at bråk frå rånarane skaper eit dårleg omdøme for Ørsta.

Det er ikkje berre Widerøe som klagar over nattebråket.

– På hotel.com ligg det gjentekne meldingar frå hotellgjester om bråk og støy frå Ørsta sentrum grunna rånarane, fortel Moldskred som ikkje kan leve med ein situasjon der gjestene forsvinn frå hotellet med dei økonomiske konsekvensane dette gir.

Vil ha dialog

Diana Moldskred ønskjer ein klar dialog med rånarane i fellesskap.

– Oppskrifta trur eg er å gå i dialog med dei med sikte på å få slutt på bråket. Eg har sjølv snakka med rånarane og spurt om dei kan tenke seg å samarbeide med hotellet om tiltak, eller om hotellet kan vere med og bidra til at rånarane finn ei form for erstatning for å køyre rundt i sentrum om kveldane og natta. Vi må spele på lag og løyse problemet saman, meiner Moldskred.

Ho fortel at rånarane var positive til at dei vart kontakta.

Måndag kveld inviterer hotellsjefen til eit møte på hotellet i samband med råneproblematikken. Kommunen, politiet, reiselivslaget, næringskontoret, sentrumsforeininga, vegvesenet, amcarklubben, Widerøe, innbyggjarar og rånarar var inviterte.

– Det er mange faktorar som spelar inn for å få løyst problemet. Eg håper vi saman kan kome fram til noko som gir eit positivt resultat for alle partar, seier Moldskred. Ho minner om at det finst eit lovverk innan ordensforstyrringar som også hotellbransjen må innrette seg etter.

Denne saka vart først publisert på Møre-Nytt.

Diana Moldskred, hotellsjef Hotell Ivar Aasen. Arkivfoto: Johan Vatne Foto: Johan Vatne