– Det var mest uvant i starten. Etter kvart vande eg meg til det, seier Sara Emilie Lauvstad (16) frå Valderøya.

Ho og Ane Marie Holm (16) frå Fræna er begge 1.-klassingar ved Vestborg vidaregåande skule på Stranda.

Dei har vunne ein konkurranse ved skulen, som gjekk ut på å sjå kven som greidde seg lengst utan mobiltelefon.

To månader

Dei to jentene klarte seg begge heilt utan telefon i to månader.

Simon Morris, ungdomsleiar ved skulen, fortel at det heile starta med at dei arrangerte elevkveld der mobiltelefonane skulle ligge att på elevromma.

– Då var det nokon som føreslo at vi skulle ha ein konkurranse for å sjå kven som greidde seg lengst utan telefon. Vi togg litt på ideen, og så sette vi like godt i gong.

I byrjinga av april leverte elevane inn telefonane sine. Nokre av dei gav opp etter kort tid. Andre heldt ut, og dei mest standhaftige var altså Ane Marie og Sara Emilie.

– Kva gjorde du utan mobil? Skreiv du brev til folk?

– Nei, eg hadde jo pc-en. Så eg kunne kommunisere med folk via den. Men det er meir tungvint, så eg vart meir sosial og oppsøkte folk rundt meg, fortel Sara Emile.

– Eg synest det var frigjerande å vere utan mobiltelefon så lenge, men mamma var litt bekymra for at ho ikkje kunne få tak i meg, skyt Ane Marie inn.

– Ja, foreldra mine måtte ringje til venene mine om dei ville ha tak i meg. Så dei syntest nok det var litt tungvint, iallfall i starten, seier Sara Emilie.

– Kva har de lært av å vere utan telefon så lenge?

– At ein blir meir sosial utan telefon, at ein kan finne på meir i lag med andre. Eg kjem ikkje til å bruke telefonen min like mykje som før, seier Sara Emilie.

– Eg kjem til å leggje han vekk oftare no, legg Ane Marie til.

Pizza på byen

– Og kva var premien?

– Vi fekk ei stor fruktkorg, og så kunne vi ta med oss ein venn kvar og gå ut for å ete pizza, fortel dei to jentene.

– Eg er imponert over jentene. Eg trur at dei hadde klart det endå lenger. Men vi måtte sette strek etter to månader, seier Simon Morris.