Det viser ein rapport Consept/NTNU har laga og som er betalt av Finansdepartementet, ifølgje vegnett.no.

Forskarane har gått gjennom 20 statlege prosjekt som har vore i drift nokre år og sett på samfunnsøkonomi. Av desse er åtte vegprosjekt. Elles er IKT-prosjekt, jernbane, skytefelt, høgskule, operahus og fengsel med i analysen.

Slått av E6-prosjekt

Rapporten viser at veginvesteringar er dei klart mest vellukka statlege investeringane, samanlikna med andre sektorar.

Og av dei åtte vegprosjekta forskarane har sett på, får fem toppkarakter, medan Eiksundsambandet får nest beste karakter – karakteren fem.

Dei som har fått karakteren seks er strekningar på E6 og E18, samt Finnfast i Rogaland. Lofast i Lofoten får til samanlikning karakteren 3. E16 mellom Kløfta og Nybakk har fått fire i karakter.

Meir trafikk enn venta

I rapporten går det fram at Eiksundsambandet på førehand ikkje var rekna til å vere lønsamt.

– Ei forenkla samfunnsøkonomisk analyse viser at prosjektet tvert imot har høg og positiv netto nytte, hovudsakleg fordi trafikkstraumen har blitt større enn vanta, heiter det i rapporten.

Trafikken aukar stadig gjennom tunnelen, ifølgje oversikta til Statens vegvesen. I fjor var det 2962 bilar som køyrde gjennom tunnelen kvart døgn, noko som er rekord.

Prosjekt med kvalitetssikring

Det er dei 20 første prosjekta som har vore gjennom prosessen med kvalitetssikring (KS) som er evaluert i rapporten.

Over 250 prosjekt har gjennomført K1 og KS2 etter år 2000, då alle større statlege investeringsprosjekt fekk krav om kvalitetssikring, for å unngå feilinvesteringar og kostnadssprekkar.