Seier Volda sin handballtrenar Halldor Stefan Haraldsson etter at oppsettet for 1. divisjon damer viser at Volda spelar heime mot Førde i seriepremieren 16. september.

Sjølv om dei er i kvar sitt fylke er Førde for naboen å rekne, eit lag Volda også ofte møter i treningskampar kvar forsesong.

Slik vert det også i sommar.

– Jau, det stemmer, vi skal ha ein treningskamp mot Førde nokre veker før seriekampen. Det er ikkje lett for å oss å møte kvalifisert motstand utan at vi må reise langt. Vi skal også spele under ein cup i Follo, tredje helga i august. Der er vi sikra å få fire kampar, seier Haraldsson.

22 strake sigrar

Haraldsson har hatt suksess med Volda. For i sin andre sesong som sjef tok han laget opp frå ein suveren framferd i 2. divisjon med ein uslåeleg rekord; 22 strake sigrar. Samt sigrar over bergenslaget Gneist i ei kvalifisering som viste seg i etterhand å vere unødvendig.

– Alle dei fire laga som var med i kvalifiseringa rykka opp sidan Glassverket gjekk konkurs og er borte frå toppserien, fortel Haraldsson.

Han reiser i morgon på ferie og samlar sine spelarar til fyrste fellestrening 23. juli.

Haraldsson har allereie hatt sitt høgdepunkt i ferien.

– Eg fekk faktisk billett til Islands opningskamp under fotball-VM, mot Argentina laurdag i Moskva. Saman med ein handballvenn, som spelar aktivt i Sverige, drog vi fredag til Moskva. Og fekk sjå Island greie 1–1 mot Argentina på Spartak Moskva sin bane. Det må ha vore rundt 35.000 argentinarar på tribunen, samt 5.000 frå Island. Ei heilt utruleg oppleving som det rett og slett ikkje er mogeleg å beskrive, seier ein audmjuk og begeistra islending.

Han var mektig imponert over sine landsmenn, ikkje minst målmannen Hannes Haraldsson som redda straffespark frå Messi, den vesle mirakelmannen som av mange vert rekna som best i verda.

Nøkkelkamp fredag

– Viss Island slår Nigeria fredag er dei vidare i VM, det føler eg meg sikker på, det vert nøkkelkampen, seier Haraldsson. Han skal sjølvsagt sjå kampen på TV, frå Budapest. Der han og kona samt sonen då er på ferie.

To nye spelarar klare

Men attende til handballen; Volda har forsterka med to nye spelarar så langt, fyrst den polske landslagsspelaren Aleksandra Zimny (22). Som er ein framifrå bakspelar.

I førre veke skreiv også Fride Heggdal Stølen under for Volda.

– Ho er fødd i 2000 og eit stort talent som strekspelar. Fride kjem opphavleg frå Midsund, men har spelt for elitelaget Molde. Der fekk ho ikkje så mykje speletid og valde oss, seier Haraldsson nøgd.

– Kjem det fleire spelarar inn før premieren i serien?

– Eg håper på to nye, i alle høve må vi ha ein ny keeper, gjerne ein lokal frå Sunnmøre. Viss vi ikkje finn nokon lokalt må vi kanskje til utlandet, seier Volda-trenaren.

– Har de mål om å hamne på øvre halvdel av tabellen i 1. divisjon?

– Viss eg sa det så ville folk seie eg var gal. Det vert ein krig for å overleve, seier Halldor Stefan Haraldsson på vegner av ein klubb som har vore oppe to gongar tidlegare i 1. divisjon. Og rykka ned straks.

VM: Målmannen Hannes Halldorsson imponerte mange mot Argentina, også Volda-trenaren som var ringside i Moskva. FOTO: NTB/SCANPIX Foto: Rebecca Blackwell