Sykkylven kommunestyre har enno ikkje bestemt seg.

På kommunestyremøtet måndag la Sykkylven Høgre fram forslag å starte forhandlingar med Ålesund.

Senterpartiet svarte med å føreslå at ein går i forhandlingar med Stranda kommune.

Resultatet vart at begge partia trekte framlegga sine, og at Høgre la fram eit nytt forslag om at kommunestyret skal ta stilling til ny kommunestruktur på eit møte 27. august. Dette vart samrøystes vedteke.

Telemarksforsking har vurderte dei to alternativa, og rapporten blir tolka slik at økonomisk vil det ikkje vere store forskjellen.

Men dette vil kommunen ha utdjupa etter ferien.