Politiet i Norge ventar framleis på obduksjonsrapporten etter dødsfallet om bord på trålaren «Nordstar». I går vart namnet på den omkomne, Andris Polis, frigitt av politiet. Havarikommisjonen har rapportert at mannen omkom under arbeid i ein tank. Ut over dette er det få tydelege svar.

– Avdøde er obdusert på Island, og vi ventar på obduksjonsrapporten derfrå. Det same gjeld også eventuelle laboratorieanalysar knytt til obduksjonen, opplyser politiadvokat Magne Baltzer Grimstvedt Kvalvik i en e-post.

Båten var på veg tilbake til Ålesund for levering av fisk då ulukka skjedde 10. juni. 13. juni la båten til kai i heimehamna i Giske, før den gjekk til Gangstøvika i Ålesund for levering.

– Politiet har avhøyrt fleire av mannskapet om bord i trålaren. Dessutan har politiets teknikarar gjennomført åstadsundersøking om bord i fartøyet, opplyser politiadvokaten.

– Kva slags undersøkingar er gjort rundt sikkerheitsutstyr om bord?

– I denne type saker vil det vere naturleg å få belyst både sikkerheitsutstyr og sikkerheitsrutinar ombord. Det er også naturleg å få klarlagt korleis dette var kommunisert til mannskapet, skriv politiadvokaten. På spørsmål vil ikkje politiet så langt svare på om dette faktisk er gjort.