(Mørenytt): Det sa Arne Johan Rebbestad i dialogmøtet om nattebråk i Ørsta. Han fortalde at han var natteravn i Ørsta førre helg, og at han observerte fleire som laga bråk.

– Det vi kan lese i loggen til natteravnane er at det eigentleg er utruleg stille i Ørsta. Råning er ikkje problemet, men støyen er problemet, frå dei få som lagar bråk. Hadde politiet teke den eine runda vi hadde i sentrum, og sett det vi såg, så hadde dei lett kunne plukka dei ut. Eg er litt overraska. Eg meiner politiet må ta ei meir aktiv rolle, gjerne i sivilt, og gå inn og sjå på det som skjer.

Forsvarte

Lensmann Guttorm Hagen forsvarer innsatsen deira.

– Det vi skal levere på er fart og promille. Det er ingen som lett kan svare på når vi sist hadde ei alvorleg ulykke med ungdomar involvert. Det er i alle fall ikkje nyleg, og det er mine gode mannskap delansvarlege for. Så kjem det avvik i Ørsta sentrum. Vi må sjå på det også, inn i mellom alt det andre. Det er viktig med god informasjon til politiet slik at vi kan ta ut dei negative leiarane. Dei vil vi ikkje ha.

Som strakstiltak er det fleire tiltak som er oppe til diskusjon. Mellom anna fartshumpar, redusert fartsgrense, og også stenging av gater.

– Det er ikkje farta som er problemet. Det er musikken og burninga som er problemet. Fartshumpar vil berre forlenge problemet med musikken, fordi bilane vil bruke lenger tid på å køyre forbi, kommenterte Geir Arne Aarseth.

Han ønskjer å jobbe for å skape ei haldningsendring blant den oppveksande generasjon.

– Dei unge i dag er den første generasjonen der nesten ingen røyker. Det var nesten utenkeleg for berre 10-20 år sidan. Så det er mogleg å endre haldningar ved å opplyse. Det er mogleg å snu dette. Det handlar om førebygging, sa Aarseth, og fortalde at han også har utfordra avisa på Ørsta ungdomsskule om å ta opp dette temaet.

– Det er enklare å byrje nedst enn å endre vaksne. Det er 10-12 personar som skaper denne problemstillinga. Dei gjer folk redde og provoserer tilbake når folk forsøker å seie ifrå. Dei tutar og køyrer med opne dører. Det er meir som eit terrorvelde, og dette kan vi ikkje ha.

Guttorm Hagen fortalde om Brummundal, der politi og kommune har samarbeidd om å få på plass videoovervaking av delar av sentrum slik at politiet kan logge seg på og sjå kva som skjer, sjølv om dei ikkje er i nærleiken. Datatilsynet har vore skeptiske, men Hagen meiner at videoovervakinga framleis er på plass.

– Det vil i alle tilfelle vere betre enn fartshumpar, trur Aarseth.

– Å jobbe for haldningsendringar er bra, men det vil ikkje redde situasjonen slik han er i dag. Vi må også ha strakstiltak, sa Arne Johan Rebbestad.

Saka blei først publisert i Mørenytt.